Den 86 år gamle Hans Berg fra Bergheim

av Knut Brøto

Husmannsplassen Mortensbråten, som ligger like ved Gjeitsund i Bergheim, ble bryti opp og tatt i bruk av en som ble kalt «Skotte-Morten». Etter sagnet skulle han ha vært soldat i Sinklar-hæren og endt opp som småbruker ved Brommafjorden.

Hans Berg var med «Hallingdølen» som kjentmann da de skulle skrive et stykke om Skotte-Morten, og det er Hans Bergs historie jeg nå skriver ned.

Om Sinklar-hæren
Det var omkring 550 soldater under ledelse av oberstløytnant Alexander Ramseay i Skottetoget. I 1612 kom dei inn Romsdalsfjorden med skip. Målet var å slutte seg til de svenske styrkene under Kalmarkrigen. De skal ha kommet til Norge den 20. august. Seks dager senere var de ved Kringen sør for Otta. Der møtte de en improvisert hær på 450 utrente bønder. Men med list klarte de å lure skottene i et bakhold. Etter halvanna time var skottene slått. Etter sagnet flaut elva rau av blod. 134 av de overlevende skulle førest til Akershus. Men under seiersfesten på Kvam ble en etter en drept. Da myrderiet ble stoppa var det bare 18 skotter igjen. Den ene kompanisjefen hette Georg Sinclair. Han vart drepen først og har blitt kjent gjennom Sinklar avis.

Mortenshølet i Vassfaret

Ifølge segnet vart Skotte-Morten og den frykta Sinklar-hæren stansa i eit svært blodig bakhaldsangrep i Gudbrandsdalen. Morten var ein av få skotske soldater som overlevde slaget. Han vart sett bort til bønder. Etterkvart rauk han uklar med husbonden sin og enda med å slå han i hel. Morten flykta og kom seg til Vassfaret. Der gøymde han seg i ei hole som sidan vart kalla Mortenshølet. Den ligg aust for Nysetre ved Feselskar. Hola er så stor at fleire personar kan overnatte der.

Morten skal ha kome i kontakt med ei budeie på Nysetre som heitte Liv. Dei to fann tonen, det vart kjærleik og det vart resultat. Men då det vart oppdaga av folket til Liv, vart det reaksjoner. Skotte-Morten var fredlaus. Paret vart likevel tekne i nåde og gift. Og ifølge segnet slo dei seg då til i bygda her.

Dette segnet har levd på folkemunne og er skrive ned fleire stader, men eg set mi lit til det som Terje Østro skriv i Gards- og slektshistoria. Han har studert segnet grundig, fortel kjentmann og pensjonist Hans Berg (86 år gammel i 2006). Han har meir om Skotte-Morten på lager.

Hans går først. Tungtrafikken dundrer mot oss. Me går i grøftekanten langs Rv7 i den brutale Gjeitsundsvingen mellom Bromma og Bergheim. Hans leitar etter ein stig. Det er umogeleg å prate på grunn av trafikken. Det er nokre år sidan Hans var her. Me famlar litt. Brått skrår han oppover til venstre. Etter ei bratt økt, og med god hjelp fra staven, stoppar han og trekker pusten.

Her er det. Dette er Mortensødden. I dag kalla Geitsundødden. For tretti år sidan slo dei graset her, sier Hans og ser seg rundt. Odden har vekse til med skog. Ein kan likevel sjå at det ein gong har vore dyrka mark. Hans finn fram til ei steinrøys som har vore rydda saman ein gong. Tungtrafikken held fram å dundre, men denne gongen i trygg avstand under oss.

Det skal også vore hus her, sier han og leitar på den vesle hylla over riksvegen. Me finn ingen gamle murar. Kanskje vart dei borte under bygginga av vegen. Store delar av den idylliske odden er også skore bort. Bilane krev sitt.

Heilt inne ved fjellveggen er framleis den gamle Kongevegen synlig. Den er mura opp. Vegtraseen er lett å sjå. På andre sida av Brommafjorden ligg småbruket Gjeitsund for seg sjøl. Litt lenger aust på samme sida ligg Mortensbråten, som også skal ha namnet sitt etter Skotte-Morten. Der står det i dag bare ein låve.

Dette bildet er tatt i 1950- eller 60-åra. Da sto det flere hus der.

Og her er samme plassen i 2006. Bare låven står igjen.

Det er blitt sagt at Skotte-Morten dyrka opp begge sider av fjorden. Uansett kva som er riktig, så har han truleg vore driftig, sier Hans. Den tidligare formannskapssekretæren i Flå har god hugs. Han sier det finst fleire variantar av sagnet om Skotte-Morten. Terje Østro slår fast i gards- og slektshistoria at Morten var ein dokumentarisk person fødd omkring 1617. Han kan dermed ikkje ha vore soldat i Sinklar-hæren som kom til Gudbrandsdalen i 1612, slik mange har sagt. Østro meiner det heller kan ha vore far til Morten. Edvard Elsrud skriv nemleg i boka «Berte Skrukkefyllhaugen» at ein rømd skotte slo seg til i Vassfaret. Han stifta familie og bygde opp bruket Gørbu. Eit par generasjoner etter døydde alle av farsott. Men kansje har likevel ein overlevd. I følge rettsdokument frå 1673 omtalar Skotte-Morten seg som ein fosterson vekse opp på garden Berg. Mykje tyder derfor på at far og son er blanda saman i segnet.

Etterkommarane etter Liv og Skotte-Morten skal ha skild seg ut i bygda. For når nokon «va tå Mortensad» var dei lett å sjå. På folkemunne heitte de at «dæi voro bådæ brunæigd å skjeivæigd, å so voro dæi mørkdæmnde».

Kilder: Sel kommune og Hallingdølen

Share