Viko i miljo julehelji og trettndagen bli i dag kalla før romjul. Romjul betyr at dagan ikkji era heljidaga men arbeidsdaga. Her i Rukkedalen kalle me samre tidsromme før klavadagan. I gamle daga va dæ mest vanle å ta ut kjydne midt på dagen før å vatne dei. Dæ vil sea at i stan før å bæra vatn inn i fjøse, so sleppte dei kydne ut og burtåt vassølda, ein bekk ell ei uppkåme. Vassbæring va tongt arbeid, ei kjyr trengde fleirføldige liter vatn om dagen. Dei hadde helde inkji so mykje tå kjerald, verken å bæra i, ell la stå i fjøset å frøse te. Dæ mest vanle va at dei knepte upp klaven på kjydne og let dei gå klavalause ut. Men i klavadagan måtte kjydne gå ut med klaven på se. Årsaken te dette va at minders so kunna dæ skje ei ulykke på dei. Dei underjordiske ell haugafølket kunna finne på so mykji rart desse dagan. Kjydne kunna miste kælven, brøte åv ein fot ell blia tikne inn i haugen. Før å unngå dette, vatna dei kjydne mæ klavan på. Hadde dei treklave måtte dæ sita ein liten jødnring i klaven. Nå dei fongo jødnklava va dæ ingen sak, dei stondo i mot dæ meste. Men dæ hjørte inkji mot alt. Uppi Espeset kom dæ ein ulvefløkk førbi akkorat unde vatningji i klavadagan. To tå ulvan fata tak i ei kyr og reiste agårle med’n, dei sleit ho i fillu rundt ein kødnstaur som sto at nepå åkere. Då som no va ulven verre enn dei underjordiske. So vil du ut å laupe i klavadagan, so ikkji gleim å ta på de krøsstenningen, ell smett ein spiker neri brokelomma.

Førtsett go jul, helsing Leif Olav

Share