«…alt hvad folket i disse bygder maa kunne!» – kvinneliv i arbeid, synd og nøysemd i øvre Hallingdal

Alt kva kvinnene i fjellbygdene måtte vite og kunne, og alt arbeid de la ned på plass, gard og bygd. Dette er fortellinger om 8 kvinneliv i Øvre Hallingdal fra slutten av 1700-talet til siste åra på 1900-talet. Unike, men også lik andre i sin tid og sin stand, var de viktige bidragsytere i utviklinga av velferdssamfunnet. Kvinnene i lokalhistoria har fått lite oppmerksomhet. Den oppmerksomheten får de i Eva Almhjells bok.

Eva Almhjell er fødd i 1945 i Hovet i Hallingdal. Ho er utdanna sosiolog ved Universitetet i Oslo, med tysk og historie i fagkrinsen. I 1973 var ho med i arbeidet med få etablert eit særemne i kvinnehistorie ved Institutt for historie. På nasjonalt nivå har det vore ei rivande fagleg utvikling for kvinnehistorie, men på lokalt nivå står det mykje att å ynskje for å få fram kvinners liv og virke i bygdene. Deira historie er viktig for å forstå den økonomiske, sosiale og kulturelle breidda i bygdehistoria, og gjera denne til ei historie som femner heile lokalsamfunnet, kvinner og menn, dei småe like så vel som dei store. Lokalhistoria skal vera ein stad også kvinner kan kjenne seg att, og få auka kunnskap og innsikt i kva kvinner har bidratt med i samfunnsutviklinga. Det er Eva Almhjell sitt motiv for å skrive lokal kvinnehistorie.

I boka «…alt hvad Folket i disse Bygder maa kunne!» Kvinneliv i arbeid, synd og nøysemd i Øvre Hallingdal (Hol historielag 2025) les ho dei strålande bygdebøkene for Hol (Reinton og Reinton mfl.) med kritisk kvinneblikk. Med all respekt for det som skrive er, spør ho: kvifor er så lite fortalt om kvinnenes liv og arbeidsinnsats? Kvifor finn ein knapt tal for husflidsprodukt frå kvinnehand? Og kvifor vart vald i heimen eit nedtagd tema? Kvinnene i fjellbygdene var viktige bidragsytarar til utviklinga av velferdssamfunnet, men har lite merksemd fått for det.

 

I åra 2012-2019 var Eva Almhjell leiar i Olav Sletto-selskapet. Olav Sletto (1886-1963) var ein forfattar frå Hol i Hallingdal. Almhjell retta merksemda mot kvinnene i Slettos liv og forfattarskap. I 2015 ga ho og professor Jørn Øyrehagen Sunde ut boka «Anne Sletto» om mor til Olav Sletto.

 

Share