Dette er et komprimert utdrag fra boka Okkupert: historier fra 2. verdskrig i Hallingdal 1940-1945
Krigsminne og to mysterium
av Magnus Lindahl
Natt til 17. september 1944 styrta pilot Frank Levy i det britiske luftforsvaret Royal Air Force (RAF) og hans Lancaster bomblefly frå den berømte 617-skvadronen på Syningen ved Saupset.
Flyet var på veg til Storbritannia etter eit bombetokt i Nord-Norge mot slagskipet Tirpitz. Angrepet på Tirpitz starta 15. september då ein skremmande flåte med 27 av dei berømte bombeflya tok av frå Yagodnik i Sovjetunionen. Mannskapet om bord var i tillegg til Levy: Sgt. Groom, P/O McNally, F/Sgt. Peck, F/O Fox, F/Sgt. McGuire og F/Sgt. Thomas. To var ekstra passasjerar. Det var F/O Naylor og F/O Shea. Deira fly var ute av drift og dei sat på for å kome heim.
Over ukjend terreng og i mørket med tåke og regn, kjempa dei for livet i lufta. Dei sleppte ei lysbombe i håp om å finne ein landingsstad. I ulendt terreng kunne dei med flaks ha klart å lande på myrdraga i terrenget rundt eller i verste fall på Damtjern. I staden trefte flyet Syningen og alle dei ni om bord omkom. Flyet var totalvrak.
- september vart lika lagde i ei stor fellesgrav, kring 2.50 meter lang, 1.50 meter brei og 1.80 meter djup. Kroppsdelar låg spreidd blant vrakrestane, deler av kroppen var borte på dei fleste.
Men korleis hamna flyet her, på høgda kring 900 meter over havet?
- september klokka 02.21 eller 02.27 var flyet i kontakt med basen i Woodhall Spa i Storbritannia. Den nøyaktige posisjonen til flyet då var ved Øyavatn i Nordre Land i Oppland. Det er rett i overkant av fem mil frå styrtstaden. Med ein fart på 160 miles i timen, er det kring ti minutts flytid.
Kvifor var dei her når ruta, og alle dei andre Lancasterane, gjekk via Kattegat? Det er eitt mysterium ved denne historia.
Foto: Alan Wilson from Stilton, Peterborough, Cambs, UK
Ifølgje historikar Rob Owen i 617-skvadronens foreining, er det rekna som usannsynleg at dei navigerte feil. Derimot trur dei ruta over Sør-Norge og Nes vart teke ut som ein snarveg tilbake til Storbritannia. Ein hypotese har vore at dei hadde trøbbel med drivstoff og/eller motorane. Nyare forsking frå 2024 styrkar dette synet. I arkiva til RAF går det tydeleg fram at det var kjend at den russiske flybensinen dei tanka opp før turen tilbake, var dårleg på grunn av låg oktan. Det gjorde drivstoffet møkkete og øydela motorane. Det var tilfelle med eitt av bombeflya som kom heim etter toktet mot Tirpitz. Mekanikarane høyrde det på lyden då det landa. Motoren måtte gjennom full service med øydelagde pluggar og delar.
Ein annan interessant observasjon er gjort av navigatøren Ronald Williams, som var på eit anna fly i same tokt. Han skreiv i eit brev heim ei veke etter ulykka i Nes, at Levy flaug på tre motorar rett etter avgang frå Sovjetunionen. Lokale vitne i Nes fortalde etter krigen om at lyden av motoren tyda på trøbbel. Dette er indisium som peikar mot at hypotesene om motortrøbbel kan stemme. Ruta over Norge og som enda på Saupeset, vart teke for å kutte ned flytida og spare mangfaldige mil for å rekke heim over Nordsjøen på grunn av motortrøbbel. Rob Owen har kartlagt at ruta tydar på at dei såg seg ut ein landingsplass i Skottland.
Men kor mange var eigentleg om bord? Det er det andre mysteriet ved denne historia. På kyrkjegarden i Nesbyen er det i dag ti graver, men berre ni namn.
Vrakrester på Saupeset. Bilde fra Hallingdal museums fotoarkiv. Foto ukjent.
Forvirringa starta alt dei første dagane etter flystyrten. Bygdefolk som hadde vore på styrtstaden og vore med på gravlegginga, melde om både ti, elleve og til og med tolv omkomne. Milorgs radiomeldingar til overkommandoen i London 20., 22, og 24. september var mangelfulle og hadde ingen tal på omkomne anna enn at heile besetninga døydde.
Ein logg frå Bomber Command oppgav først elleve døde. Luftattachéen i Sverige fekk meldingar som fortalde at tyskarane hadde funne elleve id-brikker, men tyske arkiv viser i dag at dei i røynda rapporterte om ti. To av dei elleve id-brikkene var russiske, noko som til i dag har føtr til spekulasjonar om det var russarar om bord. Britiske styresmakter slo fast at det måtte vere suvenirar. Lokale augevitne skreiv i eit brev like etter styrten at det var sju britiske, to australske og to russiske.
Forvirringa var med andre ord total.
Tyskarane rapporterte samtidig to namn som beviseleg ikkje var om bord: Ronald Williams og S/L Drew Wyness. Namna kom til å skape forvirring rett etter krigen. Då vart det sett opp eit kors til minne om mannskapet på Syningen. Ti namn var ført opp, men det var tre opplagte feil: Wyness og Williams vart rekna som del av mannskapet, noko som var feil. Og eitt namn frå mannskapet mangla: Sgt. George McGuire. Det er truleg her forvirringa verkeleg starta.
Då desse tre feila var retta, vart talet på omkomne ni. Dei ni namna er også dei same som er loggført på flyet frå Sovjetunionen dagen dei reiste. Det er til dags dato det einaste talet som er sikkert dokumentert. Alt anna er spekulasjonar basert på mange ulike vitneobservasjonar og i nokre tilfelle rein fantasi. Det er ikkje vist til nokon form for dokumentasjon på kven nummer ti og/eller elleve kan vere.
Men at det var mange mistolkingar, er heilt sikkert. I april 1946 vart mannskapet gravlagt på kyrkjegarden i Nesbyen etter å ha vorte flytta frå fellesgrava på fjellet. Då låg dei i ti graver, men den finst bilete som viser elleve graver ein dag eller to tidlegare. Likevel vart det ført inn i kyrkjegardsprotokollen: «Vedr. nedskyting av et engelsk eller amerikansk bombefly i nærheten av Saupeset (…) omkom besetningen (12?)». Sjølv mens ei britisk spesialeining var i bygda for å identifisere mannskapet, var protokollføraren på kyrkjekontoret ikkje sikker på om flyet var amerikansk eller britisk. Og sjølv om det var ti graver, vart talet 12 trekt fram.
Avisene Fremtiden og Buskeruds Blad var like usikre i sin rapportering frå gravferda: Fremtiden skreiv elleve døde mens Buskeruds Blad meinte «omtrent ti».
Fra markeringen av 80-årsdagen. Foto: Arne Ole Lindahl
Hver 17. mai er det tale og blomsternedleggelse på de engelske gravene på kirkegården på Nesbyen. Her fra 70-årsmarkeringen i 2014. Foto: Arne Ole Lindahl
Også britane var usikre på talet på omkomne, for identifiseringsarbeidet hadde nærmast vore umogleg. «Kroppane var brende og berre delar av kroppane vart funne», står det i rapporten. Avklaringa kom seinare då ein instans i luftfartsministeriet konkluderte med at levningane var i så dårleg forfatning at det hadde ført til feilteljing. Instansen slo fast at talet på omkomne om bord var ni, og oppmoda om at dette vart ordna på kyrkjegarden. Men då var mannskapet alt gravlagt. Derfor vart det avgjort å la gravene liggje uforstyrra. Nes kommune vart aldri informert om konklusjonen.
2018: Magnus Lindahl forteller fra sin forskning på hva som skjedde da flyet styrtet. Foto: Linda Sofie Øye
Andre kjelder:
Jørgen Syversrudengens dagbok.
Hallingdølen 11. april 1946. september 2011.
Fremtiden 4. september 1976.
Drammens Tidende & Buskeruds Blad. 23. oktober 1999.
Kåre Olav Solhjell: Krigsår i Hallingdal 1995.
Per Christian Hurum og Bjørn Geirr Harsson: De kom om natten. Fallskjermslipp til Milorg D.14.2 1942-1945. 2004.
Paul M. Strande: Fallskjermer over Vassfaret. 1977.
Per Stubbråten: Milorg D 14.2 – 1940-1945. Den hemmelige militære motstanden på Ringerike, Hadeland, Sollihøgda og i Hallingdal. Hovedoppgave i historie, Universitetet i Oslo, 1972.
Rob Owen: Offisiell historikar i 617-skravdronens foreining.
Transkriberte radiomeldingar Operasjon Firecrest 1944-1945.
Base Elg. base-elg.no
Krigskart.no