Øyvind Brabant – ein arveleg belasta spelemann

Av Leif Olav Klype

Kor mange generasjonar bakover må ein rekne for at ei ætt skal kunne kallas ei musikarætt? I dette tilfelle med den landskjente hardingfele-spelemannen Øyvind Brabant frå Garnås, er me nok på den sikre sida.

Når man kan følge 9 generasjonar bakover med folkemusikk, då er det vel ingen i landet som kan vise til noko liknande. Når det i tillegg er ei agnatisk (nedstammer fra mannlig ættelinje), som betyr at det har gått frå far til son i 300 år, då er det ganske eineståande. Denne ættelinja startar med Ole Henriksen Spelemannsgarden som levde frå 1666 og til 1702. Han er den fyrste kjente spelemann på fele i Hallingdal, inkje rart at plassen han budde på vart kalla Spelemannsgarden. Men nokon gard er det ikkje, brattaste plass i Nes der nokon kunne bu. Ei liten stugu og stallen står framleis oppe i Sandevegen.

Frå 1666 gjekk det altså 9 generasjonar og 290 år til 1956, då Øyvind spelemann såg dagens lys og vart sulla i svevn tå sildringi frå Brabantbekken. Brabant ligg eit stykkje nedom dei andre Garnåsgardane. Her vaks Øyvind opp i saman med foreldra Magnhild og Lars.

 

Han tok sine fyste strøk på fela som 9-åring. Faren Lars, var som dei andre attende i slekta veldig interessert i folkemusikk. Lars kjente godt spelemann Martin Opheim på Nes. Han tok med Øyvind til Martin og der fekk han prøve seg. Dæ viste seg at Øyvind hadde godt lag med fela, og det blei til at dei kjøpte fyste fela nettopp tå Martin. Til og begynne med fekk Øyvind privattimar på fela hos Martin Opheim. Han synte eit uvanleg godt talent og kom so med i Nes spelemannslag der han fekk gå i lære hjå Knut Myrann. Seinare lærde han frå både rukkedølen Odd Bakkerud, torpingen Olav Sire og ålingen Jens A. Myro. Dette var alle gode spelemenn med ulike stilar, og Øyvind saug til seg det beste frå alle. Resultatet blei etter kvart at Øyvind sjølv bli rekna som ein av dei fremste hallingspelemenn og tradisjonsberar. Øyvind har i snart 60 år vore aktiv på forskjellige kappleikar. Han har vunne A-klassen på landskappleiken og 18 gonger vinnar av Buskerudkappleiken og gått til topps på mange andre kappleikar rundt i landet. Han har gjeve ut to soloplater og vore med på  andre innspelingar.

Han er ein særs ettertrakta dansespelemann, men også konsertspelemann. Han  reiser landet rundt på speling, men inkje berre her i landet. Han har vore på konserturnear i Russland, Jugoslavia, Finland, Frankrike og no sist i Amerika.

Øyvind har sjølv hatt gode læremeistre og han har vidareført denne gamle hallingtradisjonen gjennom sitt arbeid i den kommunale musikkskulen heilt sidan 1980. Han har også elevar i gjennom Nes spel og dansarlag.

Øyvind er også ein lagspelar og representerer Nes spel-og dansarlag i tillegg til å vara musikalsk leiar for Hallingdal låtelag. Dei siste åra har han saman med to andre, Terje Gevelt bass og Egil Opheim trekkspel, danna  Skogly trio. Dei er mykje etterspurde, og har mange oppdrag rundt i Nes og omegn.

Hallgrim Berg i frå Ål har ein god beskrivelse tå Øyvind Brabant og spelet hans:

Øivind spelar klukkereint og har eit drivande dansespel. Tradisjonen må seiast å vera «hallingspel anno 2024» – då det ikkje lenger kan talast om tradisjonsspel frå dei einskilde bygdelag i dalen. Derimot er det tradisjon etter einskilde karaktersterke spelemenn, med umiskjennelege særdrag, til dømes Olav Sataslåtten, Sevat Sataøen, Odd Bakkerud… Men spelet i dalen jamnar seg ut. Difor avgjerande for hallingspelet si overleving at dansen vert halden oppe. Øivind Brabant viktig i miljøet, då han held seg i dalen. Han er «den siste amatør» blant toppspelemennene i landet, som no alle spelar på heiltid (i utdanningssystemet, instruktør, lærar, spelar i band med ymse konstellasjonar, arkivtilsett, osv.)

Kilder: Intervju med Øyvind Brabant 2024 ved Leif Olav Klype

Denne artikkelen var publisert i Dølaminne 2024

Share