Hulder og haugafolk

Skriven av Einar O. Hanserud

I tidlegare tider hadde folk flest eit heilt anna og nært forhold til naturen enn vi har. Dei var 100 % avhengige av å spela på lag med naturkreftene for å få det daglege brød. Desse kreftene var i bokstaveleg forstand livsviktige for dei. Eit uår på vekstene fekk garantert dramatiske følgjer i form av svelt og død. Når det var slik, var det ikkje så rart at naturkreftene i stor grad vart nærast personifisert. I alle høve at dei fekk nokre menneskjelege drag. Vi har alle lese og høyrt folkeeventyra våre, og veit at desse er nærast utenkjelege utan forteljingar om nøkk og nisse, hulder og troll, og desse representerte nok naturkreftene for det meste på ein negativ måte, men det fanst òg positive trekk ved dei. Det vart altså viktig å lære seg korleis ein kunna verge seg mot dei vonde kreftene, og korleis ein kunna få fordelar av å spela på lag med det som var av positive trekk ved haugafolket. Over døra på gamle stabbur er det ikkje uvanleg å finne måla eller innhogde krossteikn. Dette svært viktige huset på garden der all maten var lagra, måtte ein ha verna ekstra godt mot vonde makter. Krossteikn var effektivt mot destruktive krefter i einkvar samanheng. Fjøsnissen høyrde òg til haugafolket, men denne krabaten kunna faktisk bli til hjelp på garden når han vart behandla fint, t.d. ved at det vart sett ut mat til han. Eg pratar nå om dette temaet som om det skulde vera utgamal tru. Det er det sjølvsagt òg. Eventyra er fleire hundre år gamle, og vi veit at kampen mellom dei gode og dei vonde maktene alltid har vore sentral i menneskas forestillingsverd. Men det er òg eit faktum at ein kan finne reister av trua på haugafolk heilt opp i moderne tid. Eg skal gje nokre døme på dette.

Eg har ein kamerat som er like gammal som eg. Då vi var 16 – 17 år gamle, hugsar eg at han fortalde meg ein gong at han hadde sett huldra. Når ein er i den alderen i moderne tid, held ein slikt for seg sjølv. Risikoen for å bli ledd ut er overhengande stor. Det var tydeleg at det var viktig for han å betru seg til ein annan om dette merkelege han hadde sett, og som det ikkje var tvil om at han såg på som reelt nok. Eit anna døme kjem eg på som mor mi fortalde. Då ho var jente sat dei på stølen på Bruset. Ovanfor stølslaget er det eit berg eller høgde. På nabostølen var det ei gammal budeie som dei kalla Smed-Birgit. Ho fortalde at ho høyrde haugafolket kom med buskapen sin langs Brusethøgda når dei andre flutte heim om hausten. Då skulle haugafolket fløta inn. Ingen fekk sjå haugafolket, dei berre høyrdest, og Smed-Birgit høyrde rauting, bjølleklang og lokking oppe under berget. Dette må ha vore på 1920-talet. Før jul i 2005 fekk eg Krisian Rasch til å fortelja på Hallingdal Lydavis om korleis dei feira jul heime på garden då han vaks opp. Han er nå 95 år gammal, men like klar som nokon ungdom. Han fortalde mykje interessant, men det eg syntest var mest spennande å høyre var då han fortalde at mor hans sette ut mat til nissen på låven til jul. Det var viktig å stå seg godt med nissen. Då vart det eit roleg og godt miljø i fjøset. Dette må òg ha vore så seint som på 1920-talet.

Men så skal eg avslutte dette med å koma til det som var årsaka til at eg i det heile tatt kom på å ta opp dette som eit tema. Eg har aldri betrakta historiene om underjordiske og haugafolk som noko anna enn historier frå gammalt. Det kjem eg nok til å fortseta med, men likevel med ei større forståing for at folk gjennom tidene verkeleg har sett eitt og anna som ikkje kan forklarast på rasjonelt vis. Hausten 2005 var det mange varmegrader noko som gjorde det ideelt å gå tur i terrenget. Ein sundag i midten av november tok eg stavane mine og ville gå ein tur oppover Høvabakkane. Dette er kanskje den eldste kjente vegen på nordsida av Rukkedøla oppover mot Rukkedalen, og han er mange stader svært bratt og svingete. Eg prøvde å gå på og var aleine det eg kunna sjå. Idet eg runda ein sving såg eg eit menneskje frami vegen ca 50 – 60 m framom meg. Det var usikkert om personen gikk mot meg eller om han/ho gikk oppover. Eg rekna då med at vedkomande måtte vera på veg nedover då eg ikkje hadde sett nokon framom meg før. Eg gjekk på og venta å møte nokon, men ingen kom. Då måtte altså den det gjaldt ha gått oppover likevel. Det var òg rart for nå var det ei såpass lang rett strekning at eg måtte ha sett han/ho der eg då var. Eg gjekk fortare for å ta igjen den som måtte vera framom meg, men ingen var å sjå. Då snudde eg og gjekk attende eit stykke for å sjå inni skogen på sidene om det skulle vera nokon der, men alt var stille. Eg er 100% sikker på at det var eit menneskje som gikk framom meg, såpass klart var dette synet. Men i og med at eg ikkje fann nokon, blir eg ståande att med undringa. Det mest sannsynlege er nok at fantasien må ha spelt meg eit puss. Med alle dei motforestillingane ein som moderne menneskje har i høve til alt overnaturleg, vil ein forklare dette slik. Men det er ikkje så lenge sidan at det folk måtte ha opplevd av liknande slag, heilt klart ville bli registrert som skrømt eller haugafolk.