Neshistoria frå reformasjonen til ca. 1814

Av Einar O. Hanserud

REFORMASJONEN OG FØLGJENE AV HAN

Med reformasjonen meiner vi overgangen frå katolsk til luthersk lære. Det var òg svært viktig at kyrkja nå vart ei statskyrkje med kongen som øverste styringsmakt. All tidlegare kyrkjeeigedom vart nå statseigedom. Overgangen skulle t.d. føre til at alle helgenbilde skulle ut av kyrkjene og dette var noko som skapte mykje strid i og med at folket ville ha kyrkja si slik dei alltid hadde hatt. Eit viktig poeng med reformasjonen var at latinen som kyrkjespråk nå skulle erstattast av det nasjonale språket. Dette var viktig i og med at folk nå kunne forstå det som vart sagt under gudstenesta. I andre land vart difor reformasjonen ei styrke for det nasjonale, folkelege språket noko som igjen styrka folks kjensle av å tilhøyre ein bestemt nasjon. For Norge betydde alt dette nye dødsstøtet for det gamle norske skriftspråket. Dette hadde alt lenge vorte mykje utvatna i og med mange danskar i administrative stillingar. Men i og med reformasjonen skulle alle skrifter nå koma berre på dansk språk. Bibel og salmebok var vel det folk flest kom i kontakt med i det daglege i den grad folk flest var i stand til å lesa. Elles vart alt administrativt språk nå i stigande grad rein dansk. Reformasjonen betydde at den danske dominansen langt på veg vart total. Kongen, Christian 3., uttalte dette med å utslette Norge som eige kongerike og nordmenn som eigen nasjon då han proklamerte at Norge berre var ein del av Danmark på linje med Jylland, Fyn og Sjælland. Slik skulle det òg vera til evig tid. I seinare tid uttala ein kjent dansk minister at ingen nordmann var til, men at alle var borgarar av den danske stat.

Når det gjaldt prestane utover landet, sa det seg sjølv at skiftet over til den nye læra måtte ta tid. Det måtte bety at dei katolske prestane måtte halde fram i stillingane sine. Det vart nok så ymse med å leggje om til ny liturgi dersom nokon slik i det heile fanst i den fyrste tida. I Nes veit vi at det vart liten endring dei fyrste 40 – 50 åra. Omkring 1570 skal det ha vorte gjort tiltak utover landet for å intensivere utryddinga av den gamle læra. Dette kan vi gå ut frå gjaldt for Nes òg, men om helgenbilda vart borte, varde det nok generasjonar før dei nye reglane for gudstenesta sank inn i folks kjensleliv. Sikkert er det i alle høve at den nye læra aldri fekk slik tak på folk som den gamle hadde hatt. Kyrkja og det ho sto for hadde vore eit slag ankerfeste for folk flest. Nå skulle dette sikre haldepunktet i tilværet i stor grad svekkast. Eit tomrom sto att for mange. Eit dystert utslag av oppløysingstendensane var aukande umoral og valdsverk blant folk flest. God hjelp til dette fekk folk av det nye brennevinet som nå gjekk sin seiersgang utover by og land. I tingbøkene er det nok av eksempel på at nesningane i altfor stor grad var representert blant dei som vart straffa for ymse former for misferd. Denne nye forma for pest som misbruken av alkohol var, vart merkbar i alle samfunnslag, gammal og ung, mann og kvinne, fattig og rik.

Folketalet på veg oppover att
Vi har tidlegare skissert kor ille det gikk med folketalet i Nes i den verste pesttida. På slutten av 1500-talet og særleg utover 1600-talet er det tydeleg at veksten i folketalet har kome godt i gang att. Av opplysningar frå skattelister og jordebøker går det fram at det kjem nye gardsnamn til. Fleire av dei gamle gardane som hadde greidd seg gjennom nedgangstida, vart delt og fleire nye bruk kom til. I Rukkedalen begynte det å ryke frå ljorer og piper att. I 1590 er gardsnamn som Espeset, Gudbrandsrud og Eidal nå registrert. Vi skal stoppe litt ved tydinga av namnet Eidal. Ein teori har vore at namnet på elva skal ha vore Eid, og at gardsnamnet kjem av dette. Ein annan teori kan vera at dalen i øydetida vart nemnt som ein øydedal. Som vi har nemnt tidlegare var Rukkedalen heilt øyde i pesttida. Vi hugsar på liknande vis Børtnesøydegardane. Vi kjenner til at vi i nesningsdialekt har såkalla itakisme i språket vårt. Dvs at y blir til i og øy blir til ei. Her har vi t.d. Øynan = fleirtal av øy, som dialektisk blir til Einan og Øydegardane blir uttala eigardan. Då skulle det ikkje vera langt frå å tru at Øydedal/Øyddal må bli til Eiddal/Eidal.

Nokre nyregistrerte gardar i Nes
Sørover i hovuddalføret hadde det vore drift på berre dei tre førnemde gardane. Dvs. at heile strekninga frå gardane i sentrum til Børtnes var folketomt område. Slik var det òg i 1578 etter det jordeboka for Akershus len fortel, men alt i 1598 har dette bildet endra seg mykje. Då har det kome til fleire nye gardar i ytre Nes. Det var Brunsvold, Nordhagen, Gire, Børdalen, Rustand, Benterud, Thoen og Lie.

På liknande vis såg det ut nordover dalen. Frå Nes-gardane var det samanhengande skogstrekningar heilt opp til Frøysåk og Hoftun i Gol. Då har vi ikkje rekna med Garnås der det hadde vore folk heile tida. Dei første gardane ein treffer på i kjeldene før 1700 oppover dalen, er Svenkerud i 1623 og Svarvargarden / Smedsgarden i 1652.

Meir om folketalet i Nes
Generelt når det gjeld nyrydding kan vi seie at dette arbeidet i hovudsak vart gjort i samanheng med dei alt eksisterande gardane. Nokre heilt nye bruk kom nok til, men nokon verkeleg fart i denne ryddinga vart det ikkje før ut på 1800-talet. Etter at kyrkjebøkene begynte å bli ført frå 1693, vart desse viktige kjelder til å finne namn både på personar og gardar. Presten hadde elles laga ei manntalsliste alt i 1666. Denne lista var svært ufullstendig, og berekningar må til for å koma fram til eit ca. tal. Då vart det i underkant av 300 personar i heile hovudsoknet. Endå eit unøyaktig manntal frå 1711 viser at det då var i underkant av 600 personar i Nes. Dette er då i samsvar med det Kåre Olav Solhjell kom fram til i sine overslag, og som vi har nemnt tidlegare. Dette var omlag folketalet i bygda før Svartedauden, 1349. At det er ein sterk folkeauke på gang utover 1700-talet, viser den fyrste verkelege folketellinga i 1769. Då vart det registrert 1440 personar i Nes hovudsokn. Dette tyder at det på berre 58 år har vorte meir enn dobbelt så mange innbyggjarar i bygda. Fram til den neste folketellinga i 1801 held folkeveksten fram, men ikkje så sterkt. Då budde det 1726 menneskje i Nes hovudsokn. Ein må undre seg noko over den sterke folkeauken på 1700-talet. Spesielt i 1740-, 1770- og 1780-åra veit vi at det var fleire uår som høyrer til dei verste vi kjenner. Når folk levde frå «hand til munn» i normalår, er det rimeleg å tru at slike ekstreme tilstandar som folk då må ha opplevd, må ha kravd sitt med barkebrødstider og sveltihel. Nyare historieforsking har vore mykje oppteken av det merkelege ved den store folkeauken på 1700-talet sett på bakgrunn av alle uåra. Ein har då òg stilt seg undrande til at denne auken var spesielt stor i dei karrige, indre Austlandsbygdene . Dødsprosenten var langt høgare i distrikt der folk budde tett og der dei hadde lett for å koma i kontakt med områda omkring eller til og med, med utlandet. Dette var òg område som må ha hatt det ein god del lettare m.o.t. matproduksjon samanlikna med det fattigslege Hallingdal. Strøka omkring Oslofjorden var t.d. hardast ramma. Etter å ha analysert desse forholda, har ein kome fram til at det ikkje var svolt som tok livet av folk i stor grad. At folk svalt i hel, veit vi, men det var sjukdommar som tyfus og dysenteri som verkeleg tok for seg av folk. Desse sjukdomane herja spesielt i meir byliknande område. Det var altså ein fordel å bu avsides og spreidd der smittefara ikkje var stor. Slik sett var Hallingdal godt stilt i og med at dette nok var eit spesielt isolert område i høve til omverda. Noko som tyder på at sjukdomsfaktoren som forklaring er rett, er at soldatar som vart utkommandert, var mykje meir utsett for å døy av sjukdom enn dei som vart verande heime. Eit stygt døme på dette var det då 15000 soldatar var utkommandert til nøytralitetsvakt i Holstein under sjuårskrigen 1756 – 1763. 22 % eller 3250 mann døydde. Ingen fall i krig då det ikkje hadde vore kamphandlingar. Alle vart offer for smittsame sjukdommar. Det kan vera verd å nemne i samanheng med folkeauken på 1700-talet at betring i dei hygieniske tilhøva kan ha spelt inn her. T.d. veit vi at det nå vart meir og meir vanleg med tregolv i stuguene, og at det då kom peis med røykavtrekk. Dei gamle årestuguene var direkte usunne med all røyken som alltid låg i huset. I ein del hus kom det til og med omn. Alt på 1600-talet begynte enkelte å seta inn glas i staden for berre eit vindauge. Vindauget var ei uthogd opning i veggen for å få litt lys inn i rommet. Som namnet seier var dette ei opning mot ver og vind. Det kunna vera dekt til med eit gjennomskinneleg skinn. Ut over i 1700-åra vart glas i stugu meir og meir vanleg.

KOMMUNIKASJONAR

Vegar – sleper – elva
Dette at spesielt nedre Hallingdal i stor grad var isolert frå resten av landet, har vi mange skriftlege skildringar av. Då gjeld det måten ein skulle koma seg fram på. Elva var livsviktig som «veg» både sommar og vinter. Ei båtferd på elva kunna vera direkte livsfarleg i og med fleire strie stryk. T.d. var Sevrefossen ei utfordring til den som skulle styre båten. Av og til måtte ein likevel ty til vegen. Etter skildringane av ei vegreise slik fogd og skrivar såg det, var det vel på kanten til at ein ikkje kunna rekne det som veg i det heile tatt. Det må berre ha vore eit slag far som ein nytta berre når det ikkje var nokon annan utveg til å koma seg fram på. Når elva gikk stor eller det var usikker is, var vegen det einaste alternativ. I 1743 beskreiv fogd Wiel vegreisa si oppover dalen. Han seier følgjande om eit par av kleivene han måtte passere :»Tollefsrud-kleven, som er meget høi og bratt, over hvilken man ikke uden stor vankelighed kan komme til hest, og det skjer ofte om høst og vår, når det er glatt, at man må sette en busk under rumpen og glide ned på. —- Gislerudkleven er endnu vanskeligere end den første, da den helder gandske på skrå ud til elven, og stedse holder seg våt og glatt av vand, som udsiger av bjerget, og derfor når den ved is blir endnu glattere, er den inpassabel.» Vidare nemner han Islandsrudkleiva og Beiakleiva. Den siste var den verste av dei alle seier han. Bøndene hadde etter lova ei plikt på seg til å halde vegen vedlike. Lova sa t.d. at vegen skulle vera så brei som eit spydskaft var langt. Men når den statlege vegkontrolløren sjeldan og aldri viste seg, vart vegstandarden deretter.

Wedel Jarlsberg og vegen gjennom Hallingdal
I 1806 vart grev Herman Wedel Jarlsberg utnemd til amtmann i Buskerud. Denne stillinga hadde han fram til 1813. Frå 1807 og fram til 1814 var Danmark-Norge i krig på Napoleons side. Motstandarane vi fekk mest føling med var Sverige og England. Dette vart år med stor naud for store delar av folket, og matmangelen var skrikande. I 1807 vart Wedel Jarlsberg sett i leiinga for arbeidet med å skaffe korn til landet. Dette var ein jobb han gikk opp i med all si kraft, og den var ikkje liten. I åra fram til 1814 var han det store kraftsenter i Norge. Mest kjent har han kanskje vorte for ettertida som ein av dei leiande mennene på Eidsvoll i 1814. Si politiske karriere avslutta han som statthaldar frå 1836 til han døydde i 1840. Når vi presenterer Wedel slik, er det fordi han vart så avgjerande viktig for Hallingdal. Det er mange ting som viser at han var interessert og oppteken av Hallingdal og hallingbøndene. Alt i 1807 var han to gonger på besøk her. Han var t.d. i Nes for å få orden på skulestellet noko som resulterte i at Nes fekk fast skule alt frå 1808. Dette vart ein av dei fyrse fastskulene på landsbygda i Norge. På desse turane til Hallingdal fekk han oppleva sjølv kor vanskeleg det var å reise til og frå denne dalen. I ein rapport om vegtilhøva skreiv han følgjande: «Veien er for det meste yderlig slæt, ja, halsbrækkende, og på sine steder ufremkommelig.» På sommartinget i Nes i 1807 tok han opp spørsmålet om å få opparbeida ein ny veg gjennom dalen som skulle få status av kjerreveg. Det var ikkje den store begeistringa for framlegget blant bøndene, og det kom ikkje på tale å gi nokon økonomisk stønad til prosjektet. Men det vart lovt at bøndene ville vera med å gjera så mykje arbeid på vegen som det var mogeleg for dei å yte. Initiativet frå Wedel førte til at arbeidet med vegen kom i gang alt i 1813. Det tok 13 år å få vegen ferdig opp til Hol. Dette vart den fyrste skikkelege vegen gjennom Hallingdal. Trass i at han på mange plassar var bratt og tung nok for folk og hestar, må dette ha vore reine revolusjonen når det gjald samferdsle i Hallingdalsbygdene. Finansieringa vart gjort i stor grad av «den kongelige kasse», men var òg heilt avhengig av det pliktarbeidet bøndene hadde tatt på seg å gjera. Det vart mange konfliktar omkring dette arbeidet då bøndene av og til ikkje stilte opp til vegarbeidet. I 1818 vart t.d. 86 mann stevna for retten og dømt til å betala mulkt for ikkje å ha gjort pliktarbeidet på vegen. I tillegg måtte dei gjera det arbeidet dei hadde latt vera å gjera. I og med at statskassa var med på finansieringa, vart vegen nemnt som ein av Kongevegane. Dette namnet hadde ein frå Danmark der ein hadde fleire vegar finansiert av staten, og i og med at kongen var eineveldig, vart det kongen som fekk æra for vegane. Her i landet skulle ein frå 1824 gå bort frå nemninga kongeveg, og nå kalle slike vegar hovudvegar.

Slepevegane
Frå svært gammal tid har folk i dalen nytta fjellet som veg. Fleire slepevegar mellom Aust- og Vestlandet var truleg viktige ferdselsårer langt attende i tida utan at vi kan seie noko sikkert om kor gamle desse vegane kan ha vore. Bruken av slepevegane må naturleg nok ha vorte avgrensa til sommarhalvåret.

Ved Veslestølen innanfor Trondrud finn vi i dag slagghaugar på opptil 1,5 m høge og fleire meter i diameter. Her må det ha vore storproduksjon av jern. Haugane er datert til 700-800 talet e.Kr. Ein kan spørja seg om kvar denne produksjonen hadde marknaden sin. Det var neppe nede i dalen. Då må det ha vore lenger unda og til meir folkerike område. Det kan ha vore både austover og vestover. I alle høve var det i kystområda det budde mest folk, og der må det òg ha vore mest behov for jernet. Då er det fristande å tenkje seg at fjellvegane måtte vera det mest praktiske å nytte til slik tungtransport, og det måtte bli slepetransport. Traseen kan ha vore om lag der den seinare drifteslepa vart.

Etter at byane Drammen/Branes og Kongsberg vaks til utover 1600-talet, vart det meir behov for tilførsel av kjøt. Spesielt etter at gruvedrifta kom i gang i Kongsbergområdet, vart slik tilførsel aktuelt å vera med på i større målestokk for bønder i Hallingdal. Store drifter med kveg og hestar vart då drive over fjellet langs desse drifteslepene. Ei av dei gikk frå Aurland i Sogn over til Ål der Hallingdal vart kryssa nedanfor Sundre. Så gikk ferda over til Nesningsfjella. Her kom driftene over Skålsrudstølen, ned til Rukke, oppover til Jordeslia og vidare innover mot Åkrefjelltraktene, Hallingnatten og utover mot Norefjell.

ADMINISTRASJONEN

På 1400-talet vart landet inndelt i len. Hallingdal hadde saman med Valdres då status som underlen under Akershus hovudlen. Dette vart etter reformasjonen endra slik at Hallingdal vart lagt direkte under lensherren på Akershus. Hovudlena vart igjen oppdelt i fogderi. Hallingdal høyrde til Bragernes fogderi fram til 1593. Då vart Buskerud fogderi oppretta, og Hallingdal vart del av dette. I 1694 vart så Ringerike og Hallingdal eige fogderi. Fogdegarden vart på Follum gård. Når fogderia vart gjort mindre i utstrekning, var dette gjort for å gjera dei meir lettdrevne og dermed meir effektive. Hovudoppgava til fogden vart å krevja inn skattar og landskyld. Populariteten til ein mann med slike oppgaver blant folk flest sa seg sjølv. Det vanlege namnet på stillinga var fut. Av andre oppgaver for fogdane kan vi nemne at han hadde påtale-og politimakt og skulle vera leiar for tingsamlingane. Det måtte bli svært avgrensa kor ofte fogden kunna reise omkring i fogderiet sitt. Det var store område og dårlege vegar, så her måtte ein ha hjelperar. Dette vart bygdelensmenn som vart utpeikt blant lokale bønder. Denne stillinga vart vanskeleg i og med at han som vart utpeikt til stillinga, vart stilt mellom embetsmennene og folk flest. Av oppgavene hans kan vi nemne at han fekk delegert politimakt av fogden til å sørge for ro og orden i bygda, og han skulle kalle saman til tingsamlingane og også leie desse når fogden ikkje kunna vera til stades. Fleire av lensmennene som vart utpeikte i Nes ba om å få sleppe då denne jobben vart for belastande for dei i og med at ein risikerte å koma på kant med bygdafolket. Vi kjenner namna på lensmenn i Nes heilt frå 1587.

I 1660 vart eineveldet innført i Danmark-Norge. Då vart lensordninga avskaffa og landet vart inndelt i amt. Fram til 1685 var Hallingdal del av Akershus Stiftsamt. I det året vart Buskerud Amt oppretta med ein amtmann som øvste kongelege embetsmann.

Vi har tidlegare nemnt at Nes prestegjeld etter svartedauden omfatta kyrkjesokna Gol, Hemsedal, Flå og Nes. Fram til 1631 høyrde prestegjeldet til Stavanger Bispedømme. Frå då av høyrde det til Christiania Bispedømme.

Bygdetingas makt blir mindre
Kva så med bøndene sjølve i styringa av lokalsamfunnet? Frå gamle dagar dvs. faktisk frå sagatid høyrer vi om bygdetinga. Desse var framleis i funksjon utover i 1500-åra slik dei hadde vore frå gammalt. Her vart lokale tvistar tekne opp til doms av bondedomstolen. Styresmaktene meinte at slike dommar skulle skrivast ned. I 1591 vart det lovpålagt at ein skrivekyndig skulle vera med i domstolen og føre dommen i pennen. Denne personen skulle takast i eid. Han vart ein «svoren skriver». Det er truleg at folk flest ikkje forsto kva denne danske nemninga sto for, og i folkespråket vart det då heitande sorenskriver, som ikkje hadde nokon eigentleg tyding. Eit stykke ut på 1600-talet vart denne skrivaren, som vart nemninga på folkespråket, den verkelege dommaren. Dette vart endeleg slått fast i Christian 5.`s norske lov av 1687. I og med denne lova var det slutt på domsmakta til bøndene på bygdetinga. Nå hadde statens dvs kongens representant, sorenskrivaren, den einaste domsmakta ved tingsamlinga. Fram til midten av 1600-talet hadde bygdetinga hatt stort rådvelde over lokale tilhøve. Tinget hadde til og med vorte spurd av dei styrande når det gjaldt nye skattar og andre statlege pålegg. Utover i århundret vart staten meir og meir suveren i høve til dei lokale bygdetinga, og frå ca 1650 vart slike pålegg berre vedtekne sentralt utan at folket vart spurd på noko vis. Likevel fortsette bygdafolket å koma saman til tingsamlingar som før. Når det gjeld vårt prestegjeld veit vi at det på 1600-talet vart halden tingsamlingar i kvart kyrkjesokn, men etter 1700 vart tingsamlingane sentralisert til Nesbyen. I Nes sokn vart tinget halden i den gamle og staselege Deveggestugu fram til ca 1650. Etter at det då vart valt andre tingstader nokre år, Tollefsgard og Havardsgard, vart Grimsgard fast tingstad (Dette er huset til Ragnhild og Tormod Haraldset i Møllevegen. Tormod døydde i 2011). Slik var det fram til 1738. Då vart det nokre år med Olsgard og Tollefsgard som tingstad, men så vart Grimsgardstugu igjen fast tingstad. Slik var det til litt ut på 1800-talet. Då vart Bruvollen den nye tingstaden.

Det var 3 tingsamlingar i året. Vinter-og vårtinget vart halden i februar/mars. Sommartinget i juni/juli og hausttinget i oktober/november. På desse tingsamlingane skulle både fogd og skrivar vera til stades då det her skulle krevjast inn skattar, og tvistar skulle takast opp til doms.

SKULESTELLET
I 1807 begynte ein å føre ein eigen protokoll for skolesaker i Nes Prestegjeld. Frå då har vi difor ein del meir detaljerte opplysningar om skulestellet i prestegjeldet. Før 1807 blir det mykje slutningar ut frå andre opplysningar. Dette gjeld spesielt tida før ca1740.

Dersom vi begynner med midten av 1500-talet, veit vi ingenting, bortsett frå at det i samanheng med reformasjonen vart bestemt sentralt at klokkaren i prestegjeldet skulle stå for undervisning i katekisme ein gong i veka. Eit problem vart det nok av og til at klokkaren sjølv ikkje kunna lesa og skrive. Krav om slik lærdom kom i lovs form med Christian 5.`s lov av 1687. Dette hjalp kanskje ein del, men vi veit at det i Nes vart tilsett klokkarar langt ut på 1700-talet som ikkje kunna lesa. Eit problem må det òg ha vore at fleire av klokkarane i Nes var danskar. Då veit vi at det var mange ungar som ikkje forsto kva «læraren» sa. Effektiviteten må òg ha vorte vesentleg mindre ved at det i heile prestegjeldet var berre ein klokkar som då vart ute for opplæringa i allle fire sokna. Dette var ei umogeleg oppgave. Vi veit ein del om påbod frå sentralt hald om skolegang, men vi er lite oppdatert om korleis dette slo ut i praksis. Vi har likevel nokre opplysningar som nokså eintydig går i same retning: fram til ca 1750 er det berre så vidt vi kan snakke om skulestell i det heile tatt i Nes prestegjeld.

I 1736 vart det ved lov bestemt å innføre konfirmasjon for alle barn. Her vart det då bestemt at alle måtte ha ei viss minste opplæring for å sleppe gjennom nålauga som konfirmasjonsopplæringa vart. Som ei direkte følge av denne lova, kom så den fyrste skulelova. Den vart vedteken i 1741, og skulle gjelde for landsbygda i Norge. Denne lova vart gjeldande heilt til 1827. Her vart det slått fast at det skulle vera skuleplikt for alle mellom 7 og 12 år. Undervisningstida skulle gå frå 6 til 9 månader i året. Sjølv om dette var gode signal m.o.t. opplæringa, måtte det i stor utstrekning bli reglar som sto på papiret, men som ikkje vart etterlevd. Det høyrde med i lova at det skulle veljast ein skulekommisjon i kvart prestegjeld med presten som leiar. Denne kommisjonen vart ansvarleg for å leggje forholda til rette for opplæringa. I mars 1742 vart det halden eit stort møte på Arnegård der formålet var å seta opp regelverket for skulehaldet i Nes Prestegjeld. På dette møtet var amtmannen og fogden til stades ved sida av prest og 4 lensmenn. Elles var det også andre representantar frå alle sokna. Her vart det m.a. sett opp kor mange lærarar det skulle vera i prestegjeldet, kor mykje folk skulle betala i skuleskatt og at ungar som var så fattige at dei ikkje hadde fått med seg mat på skulen, skulle få mat på den garden der skulen var. Når planene for skulen ikkje fekk den verknaden ein kunna vente, kom det av to viktige årsakar. Presten Bøyesen gjorde ikkje noko større for å følgje opp jobben han skulle vera ansvarleg for. Ja, langt på veg ser det ut til at presten saboterte heile opplegget. Det var òg viktig at folket i bygdene var positive til skulen. Slik var det langt frå å vera. Bøndene nekta å betala skuleskatten, og ofte sendte dei ikkje ungane til skulen. Den vanlege grunngjevinga for dette var at ungane var viktig arbeidskraft på garden, og gjorde meir nytte for seg der enn å kaste bort tida på unyttig skulegang. Bøndene fekk forresten uventa støtte frå fogden Wiel. I rapporten sin etter reisa si i Hallingdal 1743 skreiv han m.a.:»Deres pigebørn må ikke lære at læse, thi kunde de læse, vare de ikke lyckelige til at stelle kreaturene(!)»

Når det gjeld lærarane som etter kvart vart tilsette, veit vi at før 1800 hadde ingen av dei nokon opplæring. Dette var folk som nok må ha lært seg litt om lesing og skriving, men som elles hadde vorte vraka ved sesjonen. Dei var altså ikkje brukandes som soldatar. Då vart dei heller lærarar (!) Dette ved sida av elendig betaling, gjorde sitt til at læraryrket ikkje var attraktivt for nokon. Tenarar på gardane hadde betre lønn enn læraren i bygda.

Amtmann Wedel Jarlsbergs skuleinitiativ i Nes

Det har nok vore heilt ille med skulesituasjonen i Nes også etter 1800. Då ein energibunt som Herman Wedel Jarlsberg vart amtmann i Buskerud i 1806, såg det ut til å skulle bli andre tider i så måte. Stiftsdireksjonen hadde gjort den nye amtmannen merksam på at skulelovene ikkje vart følgt i ein del prestegjeld. Eitt av desse tilbakeståande områda var tydelegvis Nes. Wedel nølte ikkje med å ta affære. Det er tydeleg at han nå ville ta eit krafttak når det gjaldt elementær opplæring av hallingane. Til det førnemnde møtet på Nesbyen i februar 1807, var lite gjort for å leggje tilhøva til rette på førehand m.o.t. skulesakene. Dette var typisk for den likeglade haldninga til skulesaker som rådde også blant dei «kondisjonerte». Presten burde i alle høve ha gjort noko når han visste om at amtmannen skulle koma. Wedel måtte berre innsjå tilstandane og gjera det klart at han venta å få eit opplegg når han ville koma att på sommartinget same år. Vi kan forestille oss at han må ha vore skikkeleg opprørt etter å ha reist den lange og svært vanskelege vegen oppover Hallingdal midt på vinteren og oppdage at interessa for ei hovudsak som han skulle ha opp på tinget, var så minimal.

I juli var Wedel på plass att i Nes, og nå var alle nødvendige informasjonar på plass. Dettte var eit møte for skulekommisjonen for heile prestegjeldet. Det vart sett opp eit grundig regelverk for skulehaldet i prestegjeldet, og det fekk underskrifta til amtmann Wedel Jarlsberg, noko som må ha gjeve opplegget ei viss tyngde. Vi skal ikkje her ta med meir enn tre av vedtaka som vart gjort. Det vart bestemt at det skulle vera 9 lærarar i prestegjeldet, 2 i kvart anneks og 3 i hovudsoknet. Skuletida vart sett til 8 månader, frå oktober til mai. Lærarlønna vart sett til 16 rd (riksdalar) i året. Eit viktig vedtak var at det skulle opprettast ein fast skule i Nesbyen. Dette vart faktisk ein av dei første fastskulane på landet i Norge, og i Hallingdal skulle det gå nesten 50 år før den neste kom. Finansieringa av den faste skulen vart ei viktig årsak til at utlikningane til skulen nå vart mest dobla. Det høyrde her med at det måtte tilsetjast ein lærar til som òg kosta pengar. Desse ekstrautlikningane kom nok òg svært ulagleg i og med at dei neste åra vart alvorlege uår då barkebrødet kom på bordet att. Alt i 1809 vart det sendt eit klageskriv til biskopen frå allmugen i Nes over opprettinga av den faste skulen. Dei meinte her at denne skulen var til fordel for dei velståande, mens dei fattige fekk det vesentleg verre. Dei meinte at med omgangsskulen fekk også dei fattige barna ein matbit på garden der skulen var. Dette var det nå slutt på for dei som sokna til denne skulen.

Dette var omtrent skulesituasjonen i Nes Prestegjeld då unionstida med Danmark var omme i 1814. Men dette gjaldt den politiske sida. Kulturelt var unionen meir seigliva. I skulen vart t.d. skriftsspråket framleis dansk.

KUNST OG KULTURLIV

Dersom vi under dette temaet berre skulle ha som grunnlag det som finst av overlevering i skrivne kjelder, ville det vera fort gjort å gjera denne framstillinga ferdig. Noko stort kapittel kan dette uansett ikkje bli. Til det veit vi i sum for lite.

Vi har i framstillinga av Nes-historia frå dei eldste tider sagt ein del om følgjene av Svartedauden. Noko vi der ikkje nemnde, var det store kulturelle tilbakeslaget som då skjedde over heile landet. Vi kan berre nemne bygginga av stavkyrkjene våre som i mange høve var for kunstverk å rekne. Utskjeringane med dyreornamentikk som pryder mange av desse kyrkjene, var verkeleg kunst av høg kvalitet. I lokal samanheng kan vi ta med Staveloftet frå Ål. Dei som i dag er fagfolk på lafting, talar ikkje her om lafting i vanleg meining. Dei talar om laftekunst på eit nivå som vi aldri seinare har nådd opp til. Etter Svartedauden var det så å seie heilt stopp med slike byggverk, og dette gjaldt heile landet.

Om det er svært lite med skrivne kjelder i samanheng med det kulturelle livet i vårt nærmiljø, veit vi sjølvsagt at det var mykje slik aktivitet også her i bygda. I ei tid då det skrivne ord var avgrensa til bibel og salmebok, og det i tillegg var eit privilegium i det heile teke å kunne lesa i desse bøkene, var folk meir aktive til å fortelja sjølv. Sagn og eventyr vart fortalt frå den eine generasjonen til den andre, og nokre av desse forteljarane har sikkert vore utøvarar av meir enn vanleg kvalitet. Frå nokre seinare år, dvs. frå slutten av 1840-åra, veit vi at Jørgen Moe var i Nes og at bygdafolk då sat i skrivargarden og fortalde den kjende eventyrsamlaren sagn og eventyr. I Nes kjenner vi fleire sagn der den munnlege overleveringa gjennom hundreåra er hovudkjelda. Sjølv om det altså dreier seg om sagn med alle dei usikre faktorane dette fører med seg, er det grunn til å tru at det er ei kjerne av sanning i dei. Vi kan t.d. nemne sagnet om kong Hadding på Garnås og Deveggesagnet. Begge desse kan du lesa meir om på denne heimesida.

Folkemusikken har sterke og gode tradisjonar i Nes. Då talar vi om felespel. Egil Syversbråten frå Hemsedal, som er ein av dei som kjenner felespelet i Hallingdal best, seier i boka «Det tilla og det let» av Paul Breiehagen: «Nes kan ein trygt seie har vore ein av kommunane i Hallingdal som har stått sterkast når det gjeld folkemusikk.

Jørgen Christenson Garnås
Den 18. september 1990 var den tidas kronprinspar, Sonja og Harald, på besøk i Nes. I den samanhengen vart den nye Garnåsparken opna av kronprinsesse Sonja. Det vart gjort ved at ho avduka den fyrste av 5 statuar som skulle koma dit etter kvart. Desse statuane som framstiller nesningar i folkedrakter frå 1700-talet, er kopiar av statuane som står i Nordmandsdalen ved Fredensborg slott på Sjælland. Kunstnaren som har laga dei opphaveleg modellane, heitte Jørgen Christenson Garnås. Som namnet fortel, kom han frå Garnåsgrenda. Han vart født i 1723, og var odelsgut, men då han var født vanfør både på hender og føter, var han ikkje egna til å vera bonde. Sjølv om hendene hadde visse lyte, har ikkje dette hindra han i å kunna bruke dei til å skjera ut i tre med kniv. Det må ha vore svært avgrens kva han kunna gjera for å tene til livets opphald når han ikkje var til å vera bonde, og om han var aldri så god som treskjerar, var ikkje dette noko han kunna leva av i eit lite bygdasamfunn. Som den kunstnarnaturen han vel òg var, kjende han seg kanskje innestengd her oppe i fjelldalen. I alle høve veit vi at han reiste til Bergen ein gong mellom 1742 og 1751, og her fekk han jobb innan posten. Etter at han gifta seg i 1761, reiste han kort tid etter til hovudstaden i dobbeltmonarkiet, København.

I Bergen-tida må han ha drive mykje med det han likte best, å skjera figurar i tre. Dette må han ha gjort så godt at det har vakt oppsikt blant folk som forsto seg på slikt, og som såg at dette ikkje berre var nokon gjennomsnittleg trespikkar. Når det vart til at han kunna gjera denne hobbyen sin til leveveg for seg og familien sin, er det sannsynleg at det er andre som har stått bak og fått han fram i lyset. Vi veit t.d. at nokre av dei små trefigurane vart sende til det kongelege kunstkammer i København der dei tydelegvis har vorte studert. Vel etablert i kongens by har han så vorte kopla inn i arbeidet med skulpturparken ved Fredensborg slott, og han har så begynt å skjera ut små figurar i elfenbein som vart modellar for statuane som skulle opp der. Motiva var kvinner og menn i norske og færøyiske folkedrakter. Mykje av landet var representert blant figurane hans. Dei spesialkunnskapane han sat inne med når det gjaldt folkedrakter, er det sannsynleg han har skaffa seg på reiser i løpet av posttida, men det kan òg vera at han har treft på folk med desse festdraktene i Bergen. Dette var då den største byen i landet, og her treftest folk frå mestedelen av kystnorge. Ja, Bergen var sentral også for Vesterhavsøyane, så det var folk både frå Færaøyane og Island her. Når ein skulle til byen, hadde ein gjerne teke med seg den finaste klesdrakta si. Han må ha hatt spesiell sans for detaljar slik desse kjem til uttrykk i arbeida hans. Aagot Noss skriv i boka si om Statuane i Nordmandsdalen at dei «utgjer eit eineståande kjeldetilfang for studiet av våre norske folkedrakter».

Frå 1760 vart arbeida med utsmykkinga av slottsparken sett i gang. Ein viktig del av dette arbeidet gjaldt ein skultpturpark. Ein del av denne vart den såkalla Nordmandsdalen. Sjefsbilethoggaren ved slottet, Gottfred Sundt, har sett figurane til Jørgen Garnås, og brukt desse som modellar for dei statuane som etter kvart kom på plass i slottsparken. Det er ein fristande tanke at Jørgen har vorte hyra til denne jobben alt då han var i Bergen i og med at arbeidet med skulpturparken fall så ideelt saman med reisa hans til København. Når Jørgen til og med fekk kunstnarløn av kongen, må dette ha vore heilt eineståande i landssamanheng. Det var langt mellom dei som oppnådde noko slikt. Så lenge han var knytt til utsmykkingsarbeida fram til 1771, fekk han 100 riksdalar i året som løn. I Nordmandsdalen kom det 69 statuar der ein kan sjå norkse og færøyiske folkedrakter kunstferdig uthogd. Blant desse finn vi 5 som viser drakter frå Nes. Dei framstiller 3 menn og 2 kvinner. To av statuane viser eit dansepar som på ein levande måte svingar seg i ein springar. Sjefen for uthoggingsarbeidet, Grundt, har sjølv beskrive kvar enkelt statue. Når det gjeld danseparet har han skrive følgjande: «En ung Bondekarl og Pige. Af Næss Præstegjeld i Hallingdalen i Aggerhuus Stift. Dette Par forestilles at dandse den, hos dem bekjendte, meget konstige Bonde-Dands, Hallingdands kaldet, hvortil stor Legems Færdighed udkræves. Bønderfolket i denne Egn holdes og for de beste Dandsere av Bondestanden i hele Norge».

Etter at Jørgen var ferdig med arbeidet til slottsparken, reiste han attende til Bergen Her fekk han stilling ved Bergen Toldsted. Han levde til 1798 og vart altså 75 år.

Lokalt finst ingenting av det Jørgen må ha produsert i den tida han levde heime på garden. For å finne noko etter han, må vi til Nationalmuseet i København, Norsk Folkemuseum og Bergen Museum. I København finn vi ca 1/3 av dei elfenbeinsfigurane han skar ut som modellar for statuane i Nordmandsdalen. Resten har gått tapt.

Kjelder:

Rønningen : Nesboka 1
Aagot Noss : Statuane i Nordmandsdalen

MILITÆRSTELLET

Blant historikarar har det vore nokså stor semje om at Norge neppe hadde unngått å koma i union med eitt av nabolanda etter svartedauden. Utover 1400-talet vart dette meir og meir klart i og med utarminga av folket her i landet, mens både den danske og svenske staten relativt fort hadde kome over kneika etter pesten. Her snakkar vi om utarming i vid forstand. Militært måtte dette forfallet koma ekstra tydeleg fram. I og med pesttida ser det ut til at all utvikling stoppa opp i Norge. Dette kom dramatisk til uttrykk i eit sjøslag ved Bergen i 1411. Her møtte ein norsk leidangsflåte på ca 100 skip av den gamle, opne vikingeskipstypen ein liten flåte på 8 tyske, moderne kogger. Leidangsflåten lei eit knusande nederlag. Dette var den gamle tida som møtte utviklinga som gikk sin gang ute i Europa, men som her i landet var heilt fråverande. I dei neste ca 200 åra var det lite militært engasjement i landet. I dei norske bygdene kan ein med stor rett seie at eit slikt engasjement var heilt borte. Fyrst då rivaliseringa mellom Danmark og Sverige om leiarstillinga i Norden for alvor begynte på slutten av 1500-talet og vart meir aktuell utover i 1600-åra, vart det aktuelt for norske bønder å gjera militærteneste. Kor avmektig landet var militært, kom til uttrykk i samanheng med Kalmarkrigen 1611 – 1613. Ei avdeling på 800 leigesoldatar som skulle til Sverige, vart landsett på kysten av Trøndelag og marsjerte trygt over landet til oppdragsgjevaren sin som så skulle bruke dei mot landet dei nettopp hadde gått gjennom. Noko liknande hende i 1612 då ein skottehær på ca 300 mann hadde tenkt seg på ei liknande ferd. Det var tydeleg kjent i utlandet at Norge var eit ufarleg land å passere gjennom. Nå veit vi at det ikkje gikk like greit for denne leigehæren. Det sørga bøndene i Gudbrandsdalen for ved Kringen. Den historia skal ikkje vi ta med her.

Opprettinga av ein norsk hær
Det fyrste alvorlege forsøket på å få oppretta ein norsk hær kom i 1628. Dette var nok i samanheng med krigen Christian 4. førde mot katolikkane i Tyskland. Krigen slutta med dansk tap i 1629. Då vart også hæropplegget for Norge lagt bort, men dette vart tatt opp att i 1641 då det var mykje som tyda på at det kom til å bli krig mot Sverige. Denne gongen vart hæren verkeleg ein realitet mykje takka vera svigersonen til kongen, Hannibal Sehested. Det vart oppretta 5 regiment som igjen vart oppdelt i kompani. Det «Hallingdalske kompani» vart lagt under Tunsberg regiment. Den nye hæren fekk prøvd seg like etter. Krigen braut ut i 1643, og varde i to år. Hallingane, og då også nokre nesningar, var med i denne «Hannibal-feiden», som krigen i Norge vart kalla. Sjølv om det nok varierte noko med krigsinnsatsen, var dette fyrste gongen på nokre hundre år at norske bønder førde krig. Dei gjorde òg ein god innsats, men ved freden i Brømsebro i 1645 mista landet Jemtland og Herjedalen. Neste gong hallingar var med i krigshandlingar var i 1657 – 1658. Trass i at norske styrkar den gongen tok tilbake dei tidlegare mista landskapa, gikk desse på ny tapt ved freden i Roskilde i 1658. I tillegg gikk også Båhuslen tapt. Ved freden måtte Danmark avstå alt land aust for Øresund. Under denne krigen vart «Det hallingdalske kompani» overført til Det opplandske regiment. Det var ikkje mange nesningar med i desse kampane. I 1660 veit vi at berre 9 mann frå Nes sokn var med i hæren. Men forsvarsinnsats vart kravd på andre måtar òg. Skattar og ekstraskattar til hæren vart etterkvart tyngande pålegg for folk. I 1653 fekk dei her i bygda også pålegg om å seta i stand dei gamle varslingsvardane. Desse hadde ikkje vore i bruk på fleire hundre år. Bøndene ga då òg i skriv til fogden uttrykk for at dette pålegget berre var belastande og heilt unyttig. Styresmaktene ga ikkje etter for denne argumentasjonen, men kor mykje som vart gjort med arbeidet, veit vi ingenting om. Kvar var så desse omtala vardane? I 1667 skal det ha vore ein på Bringenatten og ein ved stølen Lyseren. I 1743 skriv fogd Wiel at det i fogderiet hans dengongen var berre to faste vardar: Gyrihaugen i Norderhov og Hågeberg i Nes. Han legg til at det i krigstid vart oppretta fleire vardar mellom desse hovudvardane.

Like utanfor Nesbyen sentrum ligg den gamle ekserserplassen eller berre Plassen, som han heitte på folkespråket då staden var idrettsplass fram til 1951. Denne plassen, Nesmoen, vart tatt i bruk etter 1710 som ekserserplass for kompaniet i Hallingdal. Dette var i tida for den store nordiske krig som begynte i 1700 og varde heilt fram til 1720. Dei stridande partane var Sverige med krigarkongen Karl 12. på den eine sida og Danmark-Norge støtta av m.a. Russland på den andre. I denne tida vart Nesmoen mykje nytta som øvingsplass, men kompaniet var ikkje med i kamphandlingar før i 1716. Då Karl 12.´s soldatar hadde gått over Krokskogen til Norderhov, kom det til eit slag her, og hallingbøndene var med i dette oppgjeret. Det endte med at svenskane måtte gi seg. Sjefen sjølv, oberst Løwen og fire av offiserane hans pluss 126 av dei menige soldatane vart tekne til fange. I denne samanhengen verserer historia om prestefrua Anna Colbjørnsdatter som skal ha lurt svenskane med god mat og drikke slik at dei kjende seg trygge. Ho skal så ha fått sendt ei av tenestejentene sine ut på bygda for å varsle dei norske styrkane. Det er fleire versjonar av denne historia. Vi skal la det vera med dette.

I 1717 vart regimentet delt i to. Då vart òg kompaniet i Hallingdal delt i to: Dei vart nå Øvre Hallingdalske Kompani med hovudsete i Ål, og Ytre Hallingdalske Kompani som framleis hadde Nesbyen som tilhaldstad. I dette kompaniet var det då vel 100 mann. Ca 1770 var dette talet auka til ca 170 mann. Då var kompaniet gjort til spesielt skiløparkompani.

I 1738 fekk kompaniet ny sjef. Han heitte Christen Albrecht Selmer og var kaptein. Då han vart sjef for kompaniet, fekk han majors grad. Næraste garden til Nesmoen fekk seinare namnet Majormoen, som altså går attende til Selmer. Verken Christen Albrecht eller sonen hans eigde denne garden, men dei fekk bruke jorda, som var militær eigedom. Først etter at Ole Selmer døydde i 1793 vart Selmerfamilien eigarar av Majormoen. Omkring 1750 budde Christen Albrcht Selmer og familien hans på garden Sjåheim, som er garden til familien Rasch i dag. Her budde seinare også sonen med fam. Han var sjef for kompaniet frå 1786 til han døydde i 1793.

Borte på Majormoen står det ennå eit stort stabbur som vart kalla Telthuset. Dette var magasinhus for kompaniet. Når det vidare gjeld Nesmoen som militær øvingsplass, vart denne brukt til Helgelandsmoen ved Hønefoss vart tatt i bruk i 1868. Då vart alle militære øvingar også for hallingdølene lagt hit. Likevel var det ikkje heilt slutt for Nesmoen når det gjaldt militær tilknyting. Nes Skytterlag som vart stifta i 1862, og som då var det fyrste skyttarlaget i Hallingdal, brukte plassen som skytebane. Telthuset vart nytta som lagerhus for alle slag militære effektar og også som kornlager.

Frå 1791 vart Svarvargarden innkjøpt av forsvaret og gjort til sjefsgard. Her budde kompanisjefane i lang tid framover. I seinare tid er garden betre kjent som Smedsgården. Blant andre offiserar som har sett spor etter seg i Nes, kan vi nemne Giert Bierring. Han kom til Nes i 1757 som premierløytnant ved kompaniet her. Han gifta seg med den 16 år gamle dotter til Johanne Margrete og Henrich Dæhlen. Henrich var løytnant og kona var dotter av presten Bøyesen. Her er det tydeleg at ein gifta seg innan standen. Familien Dæhlen hadde kjøpt ein gard midt i Nesbyen sentrum og hadde bygd opp fleire hus her. Denne garden kjøpte så Bierring av svigerforeldra sine i midten av 1760 åra, og sidan har denne garden heitt Bierringgarden. Det er truleg at den eldste delen av det staselege hovudhuset som står der i dag, vart bygd av Dæhlenfamilien i 1750 åra. Huset vart mykje påbygd og fekk sin nåverande utforming av fam. Rømcke ca 100 år seinare (med unnatak av påbygget mot Møllevegen som vart bygd på av Lars K. Ødegård i slutten av 1920 åra.

Uår og krig
For fjellbygdene på Austlandet begynte det 19. hundreåret så ille som vel mogeleg. Åra frå 1798 til og med 1802 var uår av dei verste sidan katastrofeåra på 1740-talet. I Nes hadde det vorte oppretta kornmagasin som kom i drift i 1792. Bøndene sjølv måtte sørge for at det kom inn korn i gode vekstår. Vi har ingen eksakte kunnskapar om korleis magasinet vart nytta, men ein treng nok ikkje mykje fantasi for å forstå kor nyttig dette måtte bli i slike uår. Likevel veit vi òg at denne kornbanken, som magasinet faktisk var, ikkje lånte ut kornet gratis. Renta, som skulle betalast att i korn, var på 12,5 %. I vanskelege år var det nok mange som fekk store problem med å betala gjelda si til magasinet. Etter 1803 fekk fjellbøndene eit pusterom på 4 år då det var rimeleg gode åringar. Men så var det òg slutt på «å nyte livets goder». Dei tre åra 1807, 1808 og 1809 kom til å gå inn i historia vår som skrekkens eksempel på kva folk måtte gå gjennom av lidingar. Og når vi først er i gang med skildring av elende, kan vi like godt ta med 1812 som skal ha vore det verste uår nokongong. Dette året vart sommaren så kald at kornet mange stader ikkje vart modent før snøen kom. Der dei fekk kornet på staur, kom snøen så tidleg at alt vart øydelagt. Det vart ikkje brukandes til dyrefor eingong.

«Ei ulykke kjem sjeldan aleine» heitest det. I 1807 kom Danmark-Norge med i Napoleonskrigane på Napoleons side. Åra frå 1800 til 1807 hadde vore ei utruleg oppgangstid for norsk eksport og skipsfart. I og med krigstida som førde til krig med England, vår viktigaste handelspartnar, vart dette den reine katastrofa for næringslivet. For bøndene i fjellbygdene vart det merkbart i og med stagnasjon i trelasteksporten. Lyden av øksehogg i skogen stilna av, og ei hardt tiltrengt inntekt for bøndene vart borte.

I og med sambandet mellom England og Sverige, fekk vi òg krig med naboen i aust. Nesningar frå det lokale kompaniet vart mobilisert fleire gonger i desse åra. Dei måtte då marsjera til grensa. Det ser ut til at marsjrutene var delt opp i ca 40 km pr dag. Frå Nes til Akershus festning brukte dei 7 dagar, medrekna ein kviledag. Vi bør hugse at dette var før arbeidet med Hallingdalsvegen var sett i gang. I mars 1808 drog soldatane frå Hallingdal nedover dalen, og vart sende til grensa ved Kongsvinger. Trefningane ved Lier og Trangen er kjente i og med at dei norske styrkane her slo dei svenske styrkane tilbake. Ved Trangen var det den kjente situasjonen oppsto då kaptein Drejer sto på stubben og kommanderte soldatane sine. Dette var den 25. april 1808. Her vart han alvorleg såra, og døydde like etter på garden Sønsterud i Åsnes. Stugu der han døydde, Drejerstuen, er nå ein stad som blir mykje besøkt. Kampane varde eit par månader. Då stilna det av. Dette hadde mykje med forsyningssituasjonen å gjera. Soldatane hadde rett og slett ikkje meir mat. Svolten var eit problem også ved fronten, og det gjaldt begge dei stridande partane, men mest for dei norske. Hærane låg nå passivt og vakta på kvarandre inntil det vart slutta fred i desember 1809. Passiviteten frå svensk side kan òg forklarast med at landet nå også var sterkt truga av russarane. Vi veit ikkje noko om det fall nokre nesningar i desse krigshandlingane. Dersom nokre ikkje kom heim, kan det like godt ha vore som følge av sjukdom. Det viste seg at der soldatar var samla, var det god grorbotn for sjukdomar. Vinteren 1809 braut det ut epidemiar blant soldatane, og dette spreidde seg til sivile òg. Det var dysenteri og flekktyfus som nå gjorde si uhyggelege innhausting. Det er gjort nokre overslag over dødsfall frå åra 1808 og 1809 i Akershus Stift der også Hallingdal høyrde til. I normalår rekna ein ca 8000 dødsfall i året. I 1808 var dette talet 13000 og i 1809 kom det opp i heile 21000. Korleis dei lokale tala for Nes var, veit vi lite om, men det er grunn til å tru at det her oppe i den temmeleg avstengte dalen ikkje kan ha vore så ille som i dei meir sentrale strøka i og med at det her i bygdene ikkje var nokre store samlingar av soldatar. Slike forhold har vi nemnd før i liknande situasjonar.

Då året 1814 var eit faktum, var det òg eit faktum at Norge og Danmark skilde lag etter å ha vore i union sidan 1380, dvs i 434 år. Det skjedde med Kielfreden den 14. januar 1814.

Kjelder:

Øydegard og Rudning. Kåre Olav Solhjell
Nesboka 1. Jon Rønningen.
Norges Historie fra de eldste tider til 1660. Andreas Holmsen.
Norges Historie bind 6 og 7. Aschehoug
Norges Historie 1660 – 1814. Magnus Jensen