Børtnes-krigen

Det var jonsokafta. På ei slette ved Børtnes hadde det samla seg ein del ungdom som brendte bål og dansa. (Sletta var Toresletta, som ligger like ved Dokkebrua) Pelle Svenske og Vesle-Nils (to anleggsarbeidere) sat utafor eldhuset der dei budde, i sommarkvelden. Dei ville ikkje på fest, men heldt seg heime. Dei hadde vore på vitjing hjå ein bonde og kjøpt inn ein del proviant. Bonden var billeg på maten og hadde gode varer, og så var han ikkje så vranten og mistenksam overfor anleggsfolk som dei fleste av sitt slag. Sju øre literen for nysila mjølk, og trettifem øre marka for smør så gult og feitt at det var store ting. Dei hadde også kjøpt flesk og eit par gamle, harske saueskankar. Det var beste suppa av gammalt kjøt, meinte Vesle-Nils. Det var helst han som stod for kokkeleringa. No hadde han lagt saltkjøtet i bløyt til dagen etter. Då skulle det vert ei drabeleg matgjerdgryte. I kjellaren hadde han både poteter og kålrabi. Dei hadde nok lidd smalhans mang ein gong, både Pelle og Nils, men her var det billeg mat å få kjøpt på dei fleste bruk, og dei to ungkarane levde som grevar.

Karane sat utafor veggen med ein kaffiskrell av det sterke slaget då dei såg det tok til å reka folk etter bygdevegen. Kjem folket heim frå dans alt no? undrest Nils. Jau det var nok anleggsfolk som kom. Men dei såg ikkje bra ut. Nokre hadde avrivne skjorteflak, andre blødde. Nokre krøkla seg fram både halte og skakke. Late Lund hadde også kome ut i vegen for å sjå på oppstyret. Hva er det som har hendt? spurde han.- Dere ser ut som en slagen armè. Vill-Norsken kom traskande med sundriven trøye og utan hatt, men ellers i bra form. Han sette seg ned hjå karane og fekk seg ein svart kaffikopp. Etter ei stund tok han til å fortele: Jau, det hadde samla seg mykje folk på ei slette ved Børtnes. Dei brendte bål og hadde det triveleg. Embrik hadde med einpikkaren og drog opp til dans. Så gjekk det som så ofte før. Ein bondegut og ein rallar vart usams om ei jente. Sume skulle hjelpa bonden og andre rallaren, og snart slost dei alle mann. Det var kvinnehyl og banning over heile sletta. Bøndene i grenda rykte ut med høygaflar og langorv som våpen, og det vart ein hard kamp. Dei unge anleggsfolka skar seg piskar og påkar og slo med, så ei stund gjekk det på livet laus. Men så fekk ein bondegut eit rapp av ei seljeviu over andletet og skjøtta ikkje lenger liv eller helse. Han sprang heimat og henta hagla og gjekk til åtak på slusken med skarpe skot. No var det berre ein ting å gjera. Hive seg ned og krype i dekning slik dei hadde lært under eksisen på Bømoen og Gjørstadmoen. Men syningen Olsen var både tjukk og sein av seg så han fekk ein haglladning i baken. Det vart ei forferdeleg remjing av han der i skogen. Men bondeguten gav seg ikkje med det. Han skaut fleire skot, men so var dei heldigvis komme unna så dei andre fekk berre nokre hagl i seg her og der. No kom fleire av den nedsabla avdelinga traskande og slo seg ned.

Vesle-Nils måtte koke meir brennsterk kaffi, og karane fortalde: Tilslutt fekk dei avvæpna den galne karen og la han i bakken. Og no er dom der, både lensmannen og doktoren og hele sulamitten, sa Loderen,- men da stakk vi. Ja, sa Lund.- Deres alibi er vel ikke så bra fra før at dere vil ha noe særlig med øvrigheten å gjøre. Alle  skratta endå så gale det var, Både Loderen og Vill-Norsken var godt kjende med fyllearrest og bøtelegging frå tidlegare tider. Ein mann kom leiande med Smølands-pojken. Han hadde fått eit rapp i skallen av eit høygaffelskaft og var ikkje heilt klår. Dei måtte leia han, for elles byrja han å gå i ring. Berre sjå her, sa kameraten og slepte taket i armen. Smålanda-pojken tok straks til å gå i ein stor ring på det flate tunet. – Se til å få han til sengs i sitt losji så kommer han seg nok, sa Pelle.- Pojken har en tykk skalle, så dette går nok bra. Men finnene da, hadde dom inte kniv? spurde Pelle.- Vist hadde vi kniv, svarte Trollhetta-Finn og Gillevarra-Lasse, men nordbaggen brukade høygaflar och ljår och andre tunga vapen så vi måtte stikka av från det hele. Och da lensmann kom, forsvant vi brennfort. De har lediga cellor i fengslet på Nes, och inte likar me de norske fangehull. Men syningen Olsen som ble skjutat? Hur gikk det med hannem? spurde Pelle. – Dei bar han inn i ei stove og la han på bordet, og no driv doktoren med eit par karer til hjelp og plukkar hagl ut av baken hans med pinsett, og Olsen skriker og bannar og held eit helsikes hus! svarte Embrik. Han kom som sistemann med einraderen under armen. Bondeguten som skaut er frakta til fengslet på Nesbyen og sett i bolt og jarn, og hagla er inndregen som bevis i saka. Lensmannen er styggsinna og lover rettsak for drapsforsøk og terror, og han sverjer på at han skal vise både rallarar og bønder et fengslet ikkje berre er til pynt. Etter kvart stilna det i grenda denne hendelsesrike jonsok-kvelden og oppskaka folk gjekk til ro. Slåsting var det ofte ved anlegget, men sidan det vart bruka skytevåpen, blei denne hendinga hugsa lenge og vart alltid siden kalla Børtnes-krigen.

Ført i penn av Sverre Søgnen i sin bok «Birgit Lien»