Om laget

Nes Historielag vart stifta i oktober 1996. Vi begynte då med 12 medlemmer. I dag (feb. 2016) er vi 316. Det første styret var Leif Thoengen, Sigmund Øen og Einar O. Hanserud. Desse vart supplert med to til ved det første årsmøtet i januar 1998. Det var Ole Onsgård Sagabråten og Hans Berg. Leiar vart Einar O. Hanserud. Sigmund Øen vart kasserar og Leif Thoengen skrivar/sekretær. Fordelinga av desse tre leiarfunksjonane vart verande slik uendra til årsmøtet 2005. Då trakk Leif seg ut av styret. I juli 1998 døydde Ole Sagabråten plutseleg etter ei ulykke. Denne tragiske hendinga var eit stort tap for laget og for heile Nes kommune. Han var ein ressursperson på mange måtar som sette spor etter seg. For historielaget vart Knut Brøto valt inn i styret etter Ole.

I løpet av dei åra laget har eksistert har hovudoppgåva vore å ta vare på kulturelle særdrag som vi ennå har i bygda vår. I ei tid då det kan sjå ut til at vi er på rask marsj mot ”coca cola-kulturen”, er det på høg tid at bevaringsarbeidet blir intensivert. Vi har heldigvis opplevd at mange er interesserte i dette arbeidet, men ein skal ikkje stikke under stol at vi òg har hatt nok av eksempel på folk som nærast demonstrerer likesæle når det gjeld vår eigen kulturarv. Det bør då vera ei oppgåve for laget å få engasjert bygdafolket i det arbeidet vi driv med: å understreka kva for kulturskattar vi faktisk har i lokalmiljøet og å sjå verdien av å bevara desse for ettertida. Dette har òg mykje med identitet å gjera.

Den første oppgåva vi tok på oss var å notere ned gamle stadnamn i Nes og få dei sett inn på kart. I tidlegare tider måtte ein bruke skogs-og fjellområda på ein heilt annan måte enn i dag. Desse områda var livsviktige for folk i fjelldalane. Dette førte med seg at t.d. kvar bekk fekk sitt namn. I mange høve er det berre gamle folk som hugsar mange av desse namna i dag. Sjølv om vi har lykkast i å få samla ei mengd med slike gamle stadnamn, har vi òg dessverre opplevd at vi har kome for seint til å få enkelte gamle namn.

I same gata ligg innsamling av dialektord og uttrykk. Dette arbeidet har for det meste vorte gjort av enkeltpersonar. Karl Aalton og Ingeborg Rukke var sentrale her. Mykje tyder på at hallingdialekta syng på siste verset. Når ein ser så pessimistisk på den språklege framtida her i bygda, så kjem det m.a. av at dei fleste skuleelevane alt nå pratar bokmål. Når det gjeld å hevde identitet, er språket etter manges meining det viktigaste kriterium. For dei som då ser nokon verdi i å bevara Hallingkulturen, må arbeidet til beste for dialekta i bygda bli særs viktig for eit historielag.

Heile tida frå laget vart starta har det vorte gjort opptak på kassettar, minidiscplater, video og med fotoapparat. Laget har investert i moderne opptaksutstyr og dette har vorte mykje brukt.

I 2001 ga laget ut ei bildebok, ”Nes i bilder og tekst”. Dette vart gjort etter ein ide i 1998 av Karl Aalton. Ein bokkomite med Hans Berg som leiar arbeidde i 2 år med dette prosjektet og resultatet vart ei bok med 698 bilde fordelt på 352 sider. Kommentarar følgjer kvart bilde. Det eldste bildet er frå 1865, mens det siste er frå 1999. Salet av boka gikk så bra at vi i dag må registrere at boka er utseld. Vi har att 20 eks som ikkje skal seljast og som vi skal ha i arkivet. Boksalet vart viktig for lagets gode økonomi.

Historielaget driv nå (2006) med ei bok om gamle vegar i Nes. Utgangspunktet var her eit manuskript av Karl Aalton der han skreiv om den gamle kongevegen gjennom Nes. Olav Sveinsson vart spesielt interessert i dette, og utvida emnet til å gjelde fleire av bygdevegane i Nes. Han har drive med dette manuskriptet ved sida av arbeidet sitt, og fått supplert tekstene av fleire av medlemmene i laget. Han har òg fått med mange bilde. Det er usikkert når denne boka kan gjerast ferdig, men det er eit håp om at det kan bli i løpet av 2008. Når vi skal undersøkje kvar folk budde i gamal tid her i bygda, blir kommunikasjonane viktige å kartlegge. Den gamle vegen gjennom dalen har vore kjent av dei fleste. Denne vart gjerne nemnt som Kongevegen fordi han var finansiert av statskassa. Dette var den første kjerrevegen gjennom dalen, og han vart bygd i åra 1813 til 1826. Nes pensjonistforening rydda delar av denne vegen i 1980 åra, men etter kvart vaks han til att. Det vart då ei oppgåve for Nes Historielag å ta på seg å rydde og halde vedlike denne vegen.

Dei største vegryddingsarbeida for laget har nok likevel vore ryddinga av Drifteslepa , Postvegen til Garnås og gamlevegen i Børtnesøydegardane. Alle tre vegane begynte vi å rydde i 2001.

Drifteslepa var ein fjellveg/drifteveg som gikk frå Aurland i Sogn over Hallingdalsfjella til Drammen-/Kongsbergområda. Ein liten del på 5,3 km, som går gjennom våre nærområde, vart rydda og merka av historielaget. Ideen til denne vegryddinga kom frå Knut Holtermann frå Oslo, men med røter i Nes. Jørgen Holm, som i dag er 81 år, har vore den drivande krafta når det gjaldt å finne att der vegen gikk, og han har også vore aktivt med i vegryddinga.

Den andre store vegsatsinga var Postvegen til Garnåsgrenda. Den går frå riksveg 7 ved Dokken og oppover ca 3 km. Då vi opna Postvegen i 2004, hadde det møtt fram ca 80 personar, og opninga vart gjort av landbruksdirektør Anne Britt Leifseth. Begge desse vegane har vorte mykje brukt i ettertid som turvegar, mens dette i mindre grad har vore tilfelle i Børtnesøydegardane. Alle tre vegane har vorte merka med merkestaurar og infotavler. I sommar (2006) sette vi opp bokkasser der folk, som går tur, skulle notere namnet sitt i turboka. Notatane i boka har vist at vegane er populære både blant bygdafolk og utanbygds-buande Historielaget har også vore aktive sidan 1998 med å halde oppe delar av den gamle Rukkedalsvegen og Høvabakkane oppover til Espeset. Desse vegane er òg forsynt med infotavler og er nå populære turvegar.

I vedtektene våre står det at historielaget skal vera eit støttelag til Hallingdal Museum. Dette har kome til praktisk uttrykk på ymse vis. Det har t.d. vorte gjort store ryddearbeid på og omkring museumsområdet, og ved oppsetinga av det staselege Høvahuset har det vorte gjort mykje dugnadsarbeid av folk frå historielaget. Då bør vi spesielt nemne pensjonert murar Knut Brøto som har gjort mestedelen av murararbeida på huset. Dette dreier seg om over 50 timar. Vi kan òg ta med at historielaget har løyvd 15000 kr til isolering av huset.

Det siste arbeidet laget har teke på seg i samanheng med museet, er registrering på data av alle bilda i museets arkiv. Arbeidet starta i 2005 då fylkesfotografen kursa ein del historielagsfolk i korleis dette skal gjerast. Det dreier seg om mellom 12000 og 15000 bilde, og kjem til å bli ein jobb i nokre år framover. Vi skal nemne at samarbeidet med museet har gitt laget gratis møtelokale i alle år noko som har spart lagskassa for store utgifter.

Det har vore viktig for laget å gjera medlemmene merksame på dei kulturelle verdiane vi har i Nes. Dette har vi då m.a. gjort ved å arrangere dei såkalla ”bli-kjent-i-Nes” turane. Desse turane begynte vi med i 1997. Dette har vore både turar med buss til alle delar av kommunen med lokale guidar og turar til fots i Gamle Nes. Ein mykje nytta forteljar har her vore Arne Mathismoen som nå (2006) er 86 år, men som i sommar har hatt fleire slike visingsturar både for bygdafolk og turistar. Ein av desse dagane i 2003 var emnet historikk og symbolikk i Nes Kyrkje. Soknepresten vår, Eivind Fagermoen, viste oss då den gamle altertavla frå stavkyrkja, som nå heng i koret på ”nyekyrkja” (som erstatta stavkyrkja i 1862). Denne altertavla, som er eit klenodium for bygda frå 1600-talet, viste seg å vera i svært dårleg stand. Det var tydeleg at noko måtte gjerast for å redde altertavla frå ytterlegare forfall. Laget begynte der og då ei innsamling til restaureringsarbeidet. Verkeleg fart i innsamlinga vart det ikkje før Knut Brøto laga ei utstyrskiste til utlodning. Denne kista vart så rosemåla av Halvor Lindahl. Alt vart gjort gratis for laget. I tillegg fekk vi jernbeslaga av byggevarekjeda Monter. Utlodninga ga som resultat kr 40000 som står på konto til arbeidet med altertavla. Det manglar ennå mykje pengar før eit slikt arbeid kan setast i gang . Historielaget har tilbode seg å hjelpe til med den vidare innsamlinga av midlar.

Dølaminne er ei årbok for Hallingdal Historielag og Hallingdal Museum. Alle dei 7 historielaga i dalen utgjer medlemmene i Hallingdal Historielag. Stoffet i denne boka er sjølvsagt lokalhistorisk stoff frå heile Hallingdal. Det er viktig at redaktørane har nok tilgang på stoff, og det har vore ei gledeleg utvikling sett frå vår synsstad at medlemmene i Nes Historielag har sendt inn ein god del stoff dei siste 6-7 åra slik at Dølaminne nå har vorte ei mykje meir attraktiv bok for folk i vår kommune. Ved ei gjennomgåing av abonnentlistene ser ein at abonnentane frå Nes Historielag utgjer langt den største historielagsgruppa i dalen. Av totalt 56 abonnentar frå Nes i 2006, er 50 medlemmer i historielaget. Det seier òg noko om det høge aktivitetsnivået i laget at alle som har bidradd med stoff frå Nes i Dølaminne dei siste 5 åra, har vore medlemmer i Nes Historielag.

Når ein skal beskrive aktiviteten i laget, har ein lett for å lande på ei eller annan form for dugnad. Dette er då òg svært viktig for å få eit historielag til å virke slik det var tenkt. Men kanskje den viktigaste aktiviteten er likevel historielagsmøta og temakveldane. At dette blir sett på som viktig blant medlemmene våre, viser at vi nå har vant oss til at det møter opp ca 30 på eit vanleg møte. Etter det ein høyrer frå andre plassar er dette svært bra for ei lita bygd. Ei viktig årsak til at folk møter fram, er nok at vi til kvart møte alltid har eit møteprogram som til vanleg har med lokale tilhøve å gjera. Det er tydeleg at den sams interessa for bygdas historie er noko som verkar inspirerande på folk. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at det reint sosiale samveret over ein kopp kaffe og ofte heimelaga bakst, er noko folk likar og set pris på. Møteprogram og kaffipause er noko vi har passa på å ha på alle møta våre sidan vi begynte. Vi har normalt hatt 5 – 6 møte i året, årsmøtet medrekna. I tillegg har vi i fleire år hatt to temakveldar i året. Desse kveldane begynte vi med som faste innslag i 2002, og har seinare hatt dei med som fast opplegg. Døme på tema som har vore med kan vera Deveggesagnet, Tungtvannsoperasjonen på Rjukan, Brøtningen i Rukkedøla og Todøla, Flystyrten på Saupeset, Svartedauden i Hallingdal og ein del fleire. På desse kveldane har det vore svært godt frammøte. Rekorden i så måte var det då 115 møtte opp for å høyre på Joachim Rønneberg då han hadde eit foredrag om tungtvannsoperasjonen i 1943. Han var sjefen for sabotasjegruppa.

Vi har lenge visst om at det fanst filmopptak frå Nes frå 1940-, 1950- og 1960 åra. Både Olaf Rodegard og tidlegare styrar ved Tubfrim, Torvald Sundsdal, gjorde slike opptak. Rodegard sine opptak var alt lagt over på CD-plate, mens Sundsdals framleis låg på dei opprinnelege filmrullane. Sønene og dotter til Sundsdal ga historielaget lov til å få gå gjennom filmane, og til å overføre dei til digital tape. Dette vart gjort i 2006 og ein smakebit av dette vart vist for folk flest under 10-årsfeiringa til historielaget (7.okt 2006). Etter responsen å dømme var dette svært vellykka. Arbeidet med filmane vart avslutta hausten 2007. Dei var då lagt inn på CD-plate. Historielaget kunna så legge dei ut for sal i fleire butikkar pluss at historielagsfolk sjølve selde plater. Det var tydeleg at dette var ei populær julegave. Responsen var over all forventing, og førde til at laget måtte få laga fleire plater. Det er ingen tvil om at desse opptaka er heilt spesielt interessante for Nes.

Garnåsområdet blir meir og meir viktig som turistmagnet for Nes Kommune. Gardnos Meteorittkrater har bidradd mykje til dette, men i dei siste 2 – 3 åra har Garnåsgrenda med nærområde òg vorte eit meir interessant historisk område. Historielaget har her saman med museet vore pådrivarar for å få fagfolk til å undersøkje området nøyare. Det er alt slått fast at det er både gravrøyser og rydningsrøyser frå førkristen tid der oppe. Det var folk med høg status som vart hauglagt og dette gjer sagnet om kong Hadding meir aktuelt enn nokon gong.

Historielaget ser på området som eit interessant satsingsområde, og dersom dei lovande signala som nå ligg føre slår til, kan Gardnos Meteorittkrater saman med det gamle kulturlandskapet på og omkring Garnåsgardane bli litt av eit lokomotiv i marknadsføringa av Nes som turistdestinasjon.

I 2003 la vi ut ein konkurranse om å laga ein logo for Nes Historielag. Halvor Lindahls utkast vart kåra til vinnar, og denne har vi så brukt seinare. Denne logoen viser ei stor furu som då symboliserer historielaget. Krona breier seg ut over Nes og dei store røtene tek opp næring/informasjonar til treet/laget. I bakgrunnen ser ein dei kjente konturane av Beia og Hågeberg. Med desse kjente fjellkonturane i bildet er det ingen tvil for nokon med god kjennskap til Nes kvar vi befinn oss.