Forfatteren Ole Christopher Lie Singdahlsen

For et par år siden oppdaget jeg forfatteren Ole Christopher Lie Singdahlsen, som blant annet har skrevet bygderomaner med handling fra Nes og Hallingdal. Bøkene ble utgitt 1915-1925. Dette er fantastisk lesning! Disse romanene kan gi oss innblikk i lokal kultur, livsvilkår, sosiale rammer, håp og drømmer til de som levde her for 100-150 år siden. Ikke minst er disse bøkene en kilde til halling- og nesningsdialekt slik den var på Singdahlsens tid.Han

Jeg hadde lyst til å samle stoff om Singdahlsen til en artikkel – men jeg oppdaget at det var gjort før meg. I Dølaminne for 1968 har Kristen Svarteberg skrevet et grundig portrett og anmeldelse av Singdahlsens forfatterskap. Denne er gjengitt i sin helhet under.

Bøkene kan lånes på Nes folkebibliotek
Linda Sofie Øye, bibliotekar, Nes folkebibliotek

Ole Christopher Lie Singdahlsen

Av Kristen Svarteberg

Boka «Folket fra Aslegard», 1918

Hallingdal har hatt to diktarar som har skildra dalen og folket: Olav Sletto og Ole Christopher Lie Singdahlsen.  Det er dette dei to har sams. Elles er dei så ulike som to kan væra. Olav Sletto var halling og kjende dalen frå innsida. Lie Singdahlsen var embedsmannsson og budde her ei stutt tid. Han kom difor til å sjå Hallingdal meir på vurderande fråstand. Utsiktspunkta var ulike. Det same var augo som såg. Sletto var kunstnar i alt han skreiv. Det kan ikkje seiast om Singdahlsen.

Ole Christopher Lie Singdahlsen vart fødd i Larvik 1877. Far hans, Sophus Caspar Singdahlsen, var overrettssakførar der. I 1892-98 var han fut i Hallingdal, seinare fut i Vinger og Odalen futedøme. Ole Christopher tok examen artium ved Drammen skole 1895. Studerte deretter jus og vart cand. jur. 1900. Han var ei tid autorisert overrettssakførar. Seinare hadde han etter tur ymse embete: eidsvoren fullmektig, byfut, byskrivar og politimeister i Kristiansand, og ymse stillingar i kyrkje- og undervisningsdepartementet, der han til slutt var byråsjef. Frå 1923 var han førstearkivar i Riksarkivet. Ei tid var han sekretær og kasserar i Den norske forfatterforening og til slutt formann. Han vart ingen gamal mann, gjekk bort i 1926, knapt 50 år gamal.

Singdahlsen kom med første boka 1901. Seinare kom det mest årviss ei bok frå hans hand. Det meste er forteljingar og romanar. Han har skive eit skodespel. Det vart omsett til nynorsk og framført på Det Norske Teateret under titelen «Fridomen».

Utanom bøkene frå Hallingdal, skreiv Singdahlsen meist om det han kjende til: embetsfolk på landet. I eit par av dei siste bøkene tar han for seg kontorfolk og livet i departementet. Han har nok ikkje funne seg heime på kontorkrakken. Ei av desse bøkene vekte ikkje lite oppstyr. Han laut forsvara seg mot skuldinga at han hadde brukt departementsfolk som modellar.

I Norsk biografisk leksikon står det at Singdahlsen «etter hvert utviklet sig til å bli en solid forfatter av litterært fordringsløse romaner». Det er nok ein bra karakteristikk. Han skreiv eit noko glanslaust og upersonleg bokmål, og i emneval går han mykje i opptråkka far. Han har ikkje styrken sin i det originale. Mangt kan minne både om Hans E. Kinck og Hans Aanerud. Men han er ikkje utan evne til å skildre menneske. Ofte lar han personane stige levande fram gjennom det dei seier. Og dei mange naturskildringane han flettar inn i forteljinga, verkar ekte og opplevde. Men elles er det ikkje oppgåva her å leggja Singdahlsen på den litterære vektskåla. Det me skal ta føre oss, er bøkene frå Hallingdal, og dei vil me vurdere meir frå ein kulturhistorisk synsstad. Det er sagt at det var i desse han fekk utlysing for det beste i sitt talent.

Om Hallingdal har han skrive: «Naturen og menneskene der er saa at sige blitt min verden». Ein kan undrast på om han kan ha fått noko større kjennskap til dalen den stutte tida han har budd her, og dertil var embedsmannsson. Men det at han ikkje var bygdemenneske, gav han visse føremoner. Han har truleg fylgt far sin på embedsmannsreiser, og har såleis lært dalen betre å kjenne enn mang ein stadbunden. Dertil kunne han, med sitt kjennskap til andre miljø og andre menneske, samanlikne og vurdere. Noko avstengt embedsmannsmiljø kan han ikkje ha levt i den tida han budde på Nes. Han må ha vore mykje i lag med bydgefolk. Merkeleg godt kjenner han hallingmålet. Han lar sine personar tala i dialekt. Det er rett nok ikkje noko feilfritt hallingmål – personane kan snåve både i dativar og i ordtydningar – men det er noko ekte i replikkane som hallingane vil kjenne seg att i.

Boka Fjeldfolk, 1917

I alt har han skrive seks bøker frå Hallingdal. Det er «Hallinger»(1915), «Nord i dalen»(1916), «Fjeldfolk»(1917), «Folket fra Aslegard»(1918), «Den nye banen»(1922) og «Svartdalsfolket» (1925). Dei fleste av desse bøkene er samlingar av mindre forteljingar. «Folket fra Aslegard» og «Svartdalsfolket» er romanar.

Det er rimeleg å tru at det er frå Nes Singdahlsen har fått det meste av kjennskapen til Hallingdal. Hallingane hans talar nærast nesningsdialekt. Men personar og miljø kan ikkje stadfestast til e i bygd. Det er Hallingdal og hallingar han skriv om. Han nyttar gardsnamn frå heile dalen. Me møter folk som Gunhild Livgard, Eiliv Skaga, Asle Gullhagen, Johannes og Eirik Svarteberg, Villads Skardsgard, Ola Kvisla, Ola Øvrejorde. På denne måten knyter forfattaren kontakten med den lokalkjende lesaren. Namna bør ikkje få ein til å tru at det er verkelege personar han skildrar, som han har kjent.

Eit unnatak er forteljinga «Heime-Knut». Her fortel han om ein bygderaring frå Ål, som verkeleg gjekk under det namnet. (Sjå «Jul i Hallingdal 1967). Han synest å ha kjent han godt. Det han fortel, samstavar bra med det me elles veit om han Heime-Knut. Men han prøver å sjå innom det ytre skalet. Han Heime-Knut lever på ein illusjon, som me alle gjer. Han trur at han ein dag skal få pensjon «tå kunga». Forfattaren lar han legge ned vandringsstaven for godt i futegarden. Kanskje er dette sant?

I forteljinga «I prinsens følge» («Den nye banen»)  skildrar han ein tur gjennom ei fjellbygd. Her er det ikkje vanskeleg å kjenne att Hemsedal. Prinsen og fylgjet hans har vore innom ei fjellstugu, truleg Bjøberg, og er på veg nedover dalen. Skildringa kan være eit døme på Singdahlsens måte å skildre naturen på:

«Efter hvert er de kommet ned fra fjellet. Der veien svinger braatt mot øst og bærer uvorrent ut over sidste brækkene, de aapner dalen sig, lys av sol, lys av nyutsprungen bjerk. Dalen er ikke bred, for den ligger høit til veirs, og er en fjelddal, men mot de trange lukkede fjeldbotnene ovenfor ter den seg vidaapen, med god plads for skog og elv, hus og jord. Østpaa stænger og luner en gard av nakne fjeld og forrevne brungraa nuter med sne i revne og skar, men med lyse bjerketopper like under brathøgdene. Fjeldene vestpaa er lodne av skog, men der er ogsaa stup, et steds glir et slør av sølvhvite bækker de mange hundre fot utfor. Elven midtdals er bare solblink som blir skjeldnere og skjeldnere, blir borte i svimle braadyp der foss og milelange stryk tordner på vei ned mot hoveddalen. Men disse fjeld som synker, gir øiet fred, de skjænker tanken drøm om fjerne blaaner, om vid himmel og evig vandrende skyer».

Åpningen av boka «Svartdalsfolket», 1925

Tida er siste tiåra før jernbanen kom. Livsvilkåra er merkte av slit og armod. Ofte fortel han om plassfolk. I Peisebrøta er det plass til han Nubbe-Tosten og mor hans, men ikkje til kjæring og ungar. Knut Aamiljo har eit mål: å koma vekk frå slitet og armodslivet på den skrinne garden og få kjøpt att ættegarden Aslegard. Gamlekremaren Pleym har slege garden under seg for kremargjeld. Det er den tida då det var brennevin å få kjøpt over disk. Det er gardar som kjem under auksjonshamaren. Unge gutar som kvir seg for å ta over etter dei gamle og drøymer om at dra til Amerika. Jenter tar tenest «uttafor», og sume kjem heim att med ein unge på armen. Det er slått på stølen, strabasiøs buføring i uver, og lassekjøyring frå Krøderen. Det er stabbedans på låven, fylleslagsmål og knivedraging. Ei jente fær ikkje fygje sitt hjarta. Den myndige mora vil ikkje veta av guten. «Han er ikkje noko». Jenta føder ungen i dulgsmål. Då ungen seinare blir attfunnen i elva, fer me ein makaber scene, der jentene i bygda blir innkalla til nærgåande doktergransking. Singdahlsen byggjer her visstnok på noko som verkeleg skal ha hendt. Me lærer å kjenne skogspekulantar og handelskarar. Den nye tida banker på. Dei fyrste jaktarane kjem og fær rom i nybygningen. Huslyden lyt flytte ut i den trekkfulle kårstugu. Det er slagsmål med svenske anleggsarbeidarar, som vil ta jentene frå gutane. Og det er radikale folketalarar, som samlar folket til valmøte på skulehuset. Den som levde i denne tida, ville truleg kjenne seg att i det meste av dette.

Ei slik opprekning kan gje det inntrykket at her er mykje svartmåling. Svartmålar er Singdahlsen likevel ikkje. Han forsømer ikkje solglyttane i livet, enten det er fine naturstemningar eller ungdoms elskhug. Oftast vil han sine personar – og lesaren – vel. Forteljinga endar gjerne godt.

Det er likevel ikkje først og fremst miljøet Singdahlsen er oppteken med. Dette er helst bakgrunn. Han vil syne fram menneske, prøve å forstå folket, og finne fram til «folkekarakteren» eller til «folkesjelen», for å bruke moteord frå den tida, Her står Singdahlsen på line med Hans Kinck, Frank Aanrud og mange andre som fekk sine sterkaste impulsar frå nyromantikken i 1890-åra. Og korleis ser den Hallingdalske folkesjela ut i Singdahlsens augo? Det lyt seiast at han syner prisverdig freistnad på å være objektiv. Han set seg ikkje i noko domarsæte og lyfter heller ikkje hallingen opp på den bonderomantiske pidestallen.

I forteljinga «Om forlov, om forlattels» («Den nye banen») har Even Skaga frå Grøndalen hjelpt ein falskmyntnar. Han har kome på straff for det og har seinare slege seg ned på eit småbruk lenger sør i dalen (i Nes). Her fær han bygdefliren mot seg. Krambuturane er ei pine for han. Først då futen oppdagar at han Even er ein god skinnfeldmakar og blir ein god kunde for han, held han på å bli godteken av bygdefolket. Til slutt vil han realisere ein gamal draum, å flytta attende til Grøndalen. Her fer han ein kalddusj. Då han kjem til kråmbua i Grøndalen og rekognoserer: Bur det folk oppe i Skaga? Då fer han høyre at ein gong budde det ein falskmyntar der. Han fekk straff, dugeleg straff med. Han har slege seg ned lenger sør i dalen, fær han vita. «Ein slik ein kunne ikkje leva uppi her, måta. Slik besmittels. Aa huttetu, slik besmittels. Folk hugse gødt, seier kjerringa hans Even.

I forteljenga Nubbe-Tosten er titelfiguren vorten glad i ho Liv Eigarde. Men mor hans Tosten er og ei som hugsar godt. «Godfar hennar Liv har vøri paa huse (tukthuset). Aa dei førtelja, dei som kjende’n, at‘n burde ha vøre der far hennar med. Mori er taa Valdres».

Folk aktar vel på kvarandre og reknar nøye. Dei set ei skarp grense for kva som sømer seg. Her sannar det gamle ordet seg at «Fædrenes misgjerninger skal gjengjeldes på børn». Mønsteret er å væra lik dei andre. Den som på ein eller annan måte slik seg ut, fær det ikkje godt. Då han Sjugurd Hjalmen (i «En foregangsmann»), vil ta imot byfolk, er motargumentet hennar Barbro at «Me vilja kji skilja uss ut». Det er dette som Tor Jonsson kjende som bydgabøygen heime i Lom. Her møte me både styrken og veikskapen i det gamle bondesamfunnet.

I sume av forteljingane plasserer Singdahlsen folk i brytningspunktet mellom gamalt og nytt. Det som Inge Krokan har kallla «Det store hamskiftet», overgangen frå det gamle bondesamfunnet til den moderne tida, førde bonden ut i vanskar som ein gjerne kan kalle ei mental krise. Lett var det ikkje å finne den sunne balansen mellom det tradisjonsbundne og det nye. Det var dei som misste fotfestet. Ein slik er Sjugurd Hjalmen i «Ein foregangsmann». Han har funne ut at han kan koma seg ut or fattigdomen i Budalen med å ta imot jaktarar. Han har fått ein glytt inn noko anna og betre. Det lyste og skein liksom av det. Det var noko i blada dei kalla kultur. Ho Barbro kjem ikkje på stølen om sumaren. Ho må væra heime og stelle byfolk. Graset blir ståande og råtne ned. Slåtten blir det ikkje tid til å ta seg av. Ut på vinteren blir det fôrløyse og nedslakting, og dei pengane som er komne inn av denne «turisttrafikken», lyt brukast til «investering». Vegen må vølast og det må byggjast til byfolket. Det er stor stas med desse byfolka, så lenge det varer. Men då han Sjugurd kjem til byen og ventar å bli bett heim, som gode kjenningar brukte å bli heime i Budalen, vil dei ikkje kjennast ved han. Og då dei seinare kjem til Hjalmen, blir han kraftig kurert. Byfolket skjønar ikkje bonden. Dei driv spøk med han. Dei skjønar ikkje at også bonden har sjølvrespekt. For han Sjugurd kjennest det som grov harselas. Det endar med at han riv av seg både byvindjakka og puttisane og kunngjer at det skal væra slutt med byfolk i Hjalmen.

Andre, og det var kanskje dei fleste, møtte det nye med bukkebein. Frå Ål fortelst det om ein som svara amtmannen då det var på tale om å byggje veg gjennom Votndalen, med desse orda: «Me ha greitt uss uta veg fårr, og me sko greie uss herette me.» Det var nok mange som tenkte slik då dei møtte det som nytt var. Mannen kjenner ein att i stabeisen Hølgji Kastet («Den nye banen»). Men her er det ikkje vegen, men sjølve jernbanen det er tale om. Då det blir halde fest for vedtaket om at jernbanen skal koma gjennom dalen, sit han Hølgji og argar seg opp. Han tenker tilbake på gamle dagar, kløvvegen, bakkane og båttransporten på elva. Dei greidde seg bra med det med. Men no er ikkje folk fornøgde lenger. Det hastar med å koma fram, måta. Det gjorde det ikkje før. Ein veg som var flat som stugugolvet og jernbanen, kva skulle det væra godt for?

I 1880-90-åra var det at hallingdane våkna til politisk medvit. Kanskje har den politiske striden aldri vore kvassare enn i den tida. Dette er emnet i forteljingane «I prinsens følge» og i «Naar granen blomstrer». Singdahlsen gjev eit noko karikert bilete av politiske beingnagarar og av fraseheltar, som ikkji var ukjende i politikken i den tida. Ein slik er redaktør Fretheim. Han er plassgut, men den har han stroke av seg. Han har pussa opp både namnet og fasaden, har utstyrt seg med oppstroke hår, lorgnett og Bjørnson-stemme. Han er venstremann. Han veit at folk her vantar politisk tradisjon. Her nyttar det ikkje å tale om konkrete saker og bruke logiske argument. Han veit at folk her ikkje likar svensk anleggsslusk, altså talar han stygt om svensken. Og «folkeviljen» meiner han å kunne fange inn, når han berre bruker dei rette orda. No blomstra grana. «Dens røde blomsterlys tendte det hele til en national farvesymfoni: Blaatt, hvitt og rødt. Og der laa et dypt symbol i denne naturens tilfeldighed. Hvert valgaar lyste folkekraftens stolte overskudd drømmende utover det ganske Norges land».

To som slæst om stortingskrakken er sakførar Jonsrud og lærar og handelsmann Asle Gullhagen. Dei meiner båe dei er radikale, og den som vinn, er luringen Asle Gullhagen. Han strekker seg ikkje lenger enn skinnfelden rekk og han kan kunsten «å gli ind i bevistheden hos folk». Sakfører Jonsrud har gjort den taktiske bommerten at han ikkje i eit og alt har stelt seg som dei andre. Han har bygd på stølen for byfolk og flytt ho Sissel og ungane ut i den gisne gamlebua og late stølsvollen ligge uslegen. Då han merker at ikkje folk likar det, ofrer han turisttrafikken på det politiske altaret. «Grossereren nede i Drammen skulde pine dø ikke faa hus, selv om han tigget saa tynt som en toskilling.» No svingar ljåen på stølsvollen att. Ho Sissel fær flytte inn i den nye bua og Jonsrud’n sjølv gjer seg ekstra umak med å vera folkeleg. Det hjelper berre ikkje. Asle Gullhagen vinn valet. Han har aldri prøvd å skilje seg ut frå dei andre.

Det Singdahlsen vil med desse to forteljingane, er først og fremst å syne fram folkementaliteten. Finst det eigentleg noko som kan kallast radikalisme i folk her? Svaret legg han i munnen på futen i «Prinsens følge». I denne forteljinga tar forfattaren for seg eit velkjent motiv i litteraturen: Embedsmannen på landet som blir isolert for skuld mistru frå bygdefolket og standsskilnad. Denne futen er, i motsetning til embedsmenn flest på den tida, radikal venstremann. Han har vore aktiv med i det politiske livet på venstre fløy. Men det blir partibroren Eirik Svarteberg som vinn valet. Då prinsen med fylgje reiser gjennom dalen, har Eirik Svarteberg nytta høvet til å demonstrere med å heise fem reine norske flagg ved vegkanten. Futen har mot sin vilje mått slutte seg til prinsefylgjet, og flagget er ved ei «mistyding» ikkje kome opp i futegarden. Etter valnederlaget sit futen og funderer over sin vanlagnad som embedsmann blant bønder. Og korleis er det eigentleg med denne radikalismen hjå desse venstrefolka i dalen? «Radikale», tænker han, «Disse dalens folk, som kaller sig venstre. Ja, naar det spørres om dagens sager, om programpostene, om det som skal troes paa, fordi det er saa gammelt, saa trygt, saa besnakket, at det er blit ufarlig. Men søger en længere ind, dypere ned, dit det gaar paa livet løs stundom, spør en efter det som er kimen, i selve grunnsynet, til  livsindholdet, da finder en ikke en haandfuld muld for radikale tanker, da skjærer en snart nedpaaa det graa, konservative grundfjeld». Folken i dalen tør aldri strekke seg lenger enn skinnfelden rekk. Og den skjer dei i miste laget, meiner futen.

Det er greitt at desse politiske figurane er karikaturar. Men når futen talar om det konservative grunnfjellet som ikkje ligg langt under overflata, så råkar han kanskje sanninga. Folk som gjennom hundreår har levt i eit statisk samfunn, der livet går i samme faret frå ætt til ætt, blir bundne i vanetenking. For dei er livet statisk og skal så væra. Det som er frammandt og uprøvd, vil kjennast som noko farleg. I dag er alt i livet underlagd «forvandlingens lov». For oss er dette mest sjølvsagt, men det laut ein mental omstillingsprosess til før folk vart fortrulege med det.

Denne mentale endringa var eit sentralmotiv hjå mange diktarar som tok for seg bondesamfunnet. Me møter det hjå diktarar som Hans Kinck, Knut Hamsun, Olav Duun og Olav Sletto. Sume ser i bonden i den gamle tida naturmennesket som lever halvt medvite og i intim kontakt med naturen. Mange av diktarane dyrkar det primitive og likar ikkje mennesket som har kasta naturhamen. Dei gamle hadde ein sinnsrikdom som er gått tapt med den nye tida. Kinck talar om dei som har sinn og dei som ikkje har det, dei sjellause. Me møter dette same synet hjå Singdahlsen, i «Naar granen blomstrer». Som slegen mann sit sakførar Jonsrud og funderer ove kvar bonden har vore, og kva han held på å bli. Det som var ekte og opphavleg hjå folk her, var «det som blev ett med dalen, naar det suste i sommerkvelden, fra elv og fra skog, det egne var det aller første spind av unge drømmer, som fjeldstillheten og solhildringen hildret sjælene ind i, det som sat igjen efter naturens og menneskesjælenes første møte, det ingen visste hva var før det blev borte». Det er dette, som folk her i dalen, som i andre dalar, held på å miste. Dette stod i vegen for den nye tida, den brutale røyndomen. Bonden held på å bli sjeleleg avstumpa, bli heimlaus i sitt eige sinn.

Men Jonsrud går vidare i tankerekkja. No held bonden på å vakne til medvit om seg sjølv, og han ser kva han held på å tape. Det kjem folk som samlar på rotne stokkar og bygger opp att nedfalne hus (museumsrørsla). Andre dukkar ned i folkelivet og kjem fram att med nevane fulle av «sære blomstrer fra naturmystikkens glemte vildskog». (folkediktninga og folkekunsten). I opposisjon mot framandelementa lyser rosesaumen med friske, brandsterke fargar, og drakekjeftane gaper grådigare enn før. Og gamle gloser kilar seg inn i språket, harde som flint.

Me treng ikkje i eitt og alt dele Singdahlsens syn på livet i Hallingdal, og på «folkekarakteren». Likevel er han verd å lesa for den som vil lære dalen å kjenne i ei overgangstid.

Share